Månadens profil i juli

Julie øvretveitMånadens profil

Namn: Julie Øvretveit

Alder: 14

Yrke: Eg går på Ostereidet ungdomskule

Kortid begynte du med langrenn? Eg byrja å gå på ski då eg var 2-3 år, men eg byrja på ski trening på Gamlesætre januar 2013.

Kvifor driv du med langrenn? Fordi eg synest at det er kjekt, det gir god trening og eg treff venner.

Kva er høgdepunktet i din skikarriere så langt ? Høgdepunktet så langt er då eg vant Nordhordlandsmesterskapet på ski for jenter 14 år

Driv du med nokre andre idrettar enn fotball og langrenn? Nei, men eg spiller flygelhorn i Kløvheim skulekorps.

Kor mykje trener du akkurat no ? Akkurat no trenar eg nokre gonger i veka.

Har du nokre langrennsmålsetjingar som du jobbar mot? Eg vil bli ein av dei beste i kretsen.

Kva langrennsutøvar ser du mest opp til, og kvifor? Marit Bjørgen, fordi ho er utruleg god.

Kven er din favorittskiløpar? Min favorittskiløpar er Petter Northug

Verste konkurrent?  Har ikkje møtt ho enda.

Beste konkurrent?  Hedda Aasgård

 

Utanfor løypa

Favorittmat og drikke?  Hjortekjøtt og iste

Kva slags musikk liker du? Pop

Kva er din favorittfilm? Twilight

Kvar er ditt yndlingsferiestad? Vemunsbotten

Kor er du om 10 år? ein av hordlands beste på ski.

Korleis ser draumedama/draumemannen ut? Han er høg og har mørkt hår.

 Kva for ei dame ville du tatt med til ei aude øy ? Mamma.

Kva for ein mann ville du tatt med til ei aude øy? Pappa

Kva realityserie kunne du tenkt deg å vera med på? Farmen

Brukar du internett mykje? Nei

Kva er favorittsida di på nett? Youtube

Kva frivillig organisasjon ville du helst gitt 100.000 kroner til? Kreftforeningen for barn

10 kjappe

Teater eller kino ? Kino
Fisk eller kjøtt? Kjøtt
Justin Bieber eller One Direction ?Justin Bieber
Isbad eller boblebad? Isbad
Rock eller Country? Rock
Mjølk eller juice? Melk
Mallaga eller Gamlesætra? Gamlesætra
Utsjånad eller personlegdom? Personlegdom
Katt eller hund? Hund
60 m eller 10 km ? 10km

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *