Nordhordland Skiklubb signerte i dag sponsor -og samarbeidsavtale med Red Bull, som blir sportsdrikkeleverandør til Knarvik Xtrem 2013.
-Vi kunne gått for ein meir tradisjonell drikkeleverandør, men valte Red Bull fordi deira litt mørke og ekstreme profil passar inn med den profilen Knarvik Xtrem etterkvart skal få. Det er nok ein del som synes det er eit tøft val, men det er absolutt eit val vi tør stå for, og det er også viktig for oss i arbeidet for å løfta Knarvik Xtrem til nye høgder, seier Vidar Aasgård og Claus Sellevoll i Nordhordland Skiklubb.
Nordhordland Skiklubb har som mål å byggja opp Knarvik Xtrem til det mest xtreme terrengløpet på Vestlandet. Eit løp for dei som ynskjer å pushe grensene sine og der ein kan få måla krefter på tvers av kapasitetsidretter som sykling, triathlon, langrenn, friidrett, ultra -og motbakkeløp.
Red Bull er verdens største produsent av energi drikke og er den største bidragsytaren til ekstremsport verden over. Red Bull har arrangert ei rekke events og konkurransar i Norge, som Red Bull Sparkstøtting Supercross, Red Bull Cliff Diving, Red Bull Flugtag, Red Bull Ragnarok og Red Bull NordiX. I Norge er langrennsløperen Petter Northug og alpinisten Aksel Lund Svindal dei mest kjende Red Bull-utøvarne.