Den siste månaden har Nh presentert nokon av storfavorittane til å vinna Knarvik Xtrem, som går av stabelen i kveld. Dei fire essa i stokken stiller sterkt, men ein skal aldri undervurdera jokerane heller. Kanskje er det ein av desse to hardhausane som stikk av med heile kransekaka.
