Foto: Gro Anette Fanebust Tekst: Claus Sellevoll
Stolzekongen Thorbjørn T. Ludvigsen smadra løyperekorden med nesten 5 minutt, og kom i mål som klar vinnar av Knarvik Xtrem 2013. Løyperekorden i den 11 kilometer lange løypa lyder på 48 minutt og 29 sekund. Halvanna minutt etter Ludvigsen kom Sverre Slethaug i mål til ein like klar andreplass, medan triatleten, sytten år gamle Gustav Iden sikra seg tredjeplassen på sterke 51 minutt og 39 sekund. I kvinneklassen vann Sara-Rebekka Færø på 1.07.36 foran Anita Lilleskare og Bertine-Helene Færø. Også her vart det løyperekord då alle dei tre sprang raskare enn damerekorden frå 2012.
BKK vann lagkonkurransen i Knarvik Xtrem og kan smykka seg med tittelen Nordhordlands mest xtreme bedrift. Laget heldt ein gjennomsnittsfart på 9,52 kilometer i timen og alle dei fem på laget sprang den lengste løypa på 10,7 km.
BKK sitt vinnarlag:
Gerhard Bauge 1,12,18
Rune Askeland 1,02.17
Jørn Helge Solheim 1.10,04
Arve Larssen 1,09,36
Stian Larsson 1,09.24
Årets Knarvik Xtrem samla totalt 235 deltakarar som er ny rekord og nær ei tredobling frå i fjor. Nordhordland Skiklubb gler seg storleg over suksessen, og takkar alle utøvarar, sponsorar og funksjonærar for strålande innsats!