Hei ! I går var det heller laber frammøte på trening. Me som var der tok konsekvensen av dårlege forhold for rulleski og intervall i motbakke så me tok ein del runder i «Brekkeløypa». Kan ellers melde om at det er kjørt opp spor på Totland i Bergen. For dei som vil ta seg ein rekordtidleg tur på ski er muligheten der no. Minner og om at vinterkarrusellen til Eikanger på Eikanger starter opp på lørdag . Det er ei løype på 2,1 km. Start kl 15.00 ved Eikanger skule. Fin måte å teste formen på. GOD HELG !!
Ny karusellpers, Atle ?
Hei. Ikkje akkurat pers som er på 7,26, men beste tid på mange år.