Det kombinerte bakke -og o-løpet på Håøy vart ein suksess. Heile 71 deltakarar stilte til start i dei ulike løypene. Det var 46 deltakarar som sprang bakkeløpet, 38 menn og 8 damer.
Lasse Nordal vart bakkekongen med den sterke tida 7,03, 1 sekund framfor Sondre Øvre-Helland frå Viking, og på delt tredjeplass kom Kjetil Iden og Øysten Aamli på tida 7,24. I dameklassen vann Marianne Berg frå Hordvik IL på tida 10,28. Therese Vågenes vart nr.2 på 10,48 medan Annette Kleppe kom på tredjeplass med 11,12.
Nemnast må òg unggutane; 12 år gamle Erlend Kvamme Kalnes( fremst på bildet ) som sprang opp på den glimrande tida 9,00. Og 10 år gamle Kolbjørn Kjeka var oppe på gode 9,30, medan 11 år gamle Herman Alvær var i mål på tida 10,14. 8 år gamle Jonas Vågenes nådde toppen på tida 13,27. Flott innsats som lovar bra for skisesongen som desse trenar mot.
Løypa vart teken god imot av deltakarane som meinte dette burde bli eit årvisst arrangement. Kanskje løyperekorden til Harald Nygård (6,46) står for fall til neste år.
RESULTAT DAMER :
- Marianne Berg, Hordvik IL 10,28
- Therese Vågenes, Kvernbit Ski 10,48
- Annette Kleppe,Team Kleppe 11,12
- Målfrid Kallekleiv, Grinde-Veten 11,55
- Nina Hordvik, Grinde-Veten 13,20
- Ingrid Sofie Eikefet, Alvidra 13,23
- Linda Klanderud, Frende 13,33
- Sæbjørg Kjeka, Alvidra 15,08
RESULTAT HERRER
1 Lasse Nordal, AKS 77 7,03
2 Sondre Øvre-Helland, Viking 7,04
3 Kjetil Iden, AKS 77 7,24
3 Øystein Aamli , AKS 77 7,24
5 Kenneth Alvær, Alvidra 8,15
6 Henning Dallavara , 8,20
7 Tormod Vågenes, Kvernbit Ski 8,27
8 Tarjei S. Matre, AKS 77 8,41
9 Anders Eidsnes, Eikanger 8,44
10 Thomas Kleppe, Team Kleppe 8,48
11 Rune Minde, Kvernbit Ski 8,54
12 Sverre Johansen, Alvidra 8,57
13 Erlend Kvamme Kalnes, Alvidra 9,00
14 Bjarne Robberstad, Kvernbit 9,02
15 Atle Austrheim, Eikanger 9,15
16 Atle Bergseth, Kvernbit 9,24
17 Kolbjørn Kjeka, Alvidra 9,30
18 Ole Kjeka, Alvidra 9,32
19 Inge Hatlebrekke, Nh,skiklubb 9,42
20 Torbjørn Aamli , Nh.skiklubb 9,43
21 Ruben Sæle, 9,48
22 Sigfred Johansen , Alvidra 10,12
23 Herman T. Alvær , Alvidra 10,14
24 Jan Tore Haugland, Grinde-Veten 10,16
25 Kjell-Rune Standal, Kvernbit 10,36
26 Ludvig Kvamme, Alvidra 11,25
27 Ørjan Valestrand, Risnes 11,31
28 Magnus Ness, UBIL 11,50
29 Knut Egil Dyngeland, Knarvik 12,07
30 Mikael Krossøy , 12,11
31 Tobias Dyngeland, Knarvik 12,32
32 Øivind Eikefet, Alvidra 12,41
33 Thore Andersen, Knarvik 13,04
34 Even Hordvik Hansen, Grinde-Veten 13,09
35 Jonas Vågenes, Kvernbit Ski 13,27
36 John Jørgenvik, Lindås 13,38
37 Kjartan Medaas, Alvidra 13,40
38 Robert Mjøs, Manger 14,45
