3. renn i Rulleskikarusellen 2013

Rulleskikarusell med unge talentar

_DSC7271

På ein flott haustkveld med tørr og fin asfalt gjekk den tredje rulleskikarusellen for året av stabelen, denne gongen i Knarvik.

Litt historisk: for første gong var også aldersbestemte klassar med, heile 9 friskingar skøyta seg gjennom løypa, både gutar og jenter. Raskast var Jonas Dalland, han gjorde dei 2,5 km unna på gode 7,16. På ein god andre plass kom Martin Kvamme Kalnes på 8,10 og Erlend Kvamme Kalnes sikra 3. Plassen like framfor Hermann Alvær, begge med tida 8,50.

På jentesida gjekk Julie Øvretveit raskast med 8,51 med Hedda Hauge Aasgård (10,05) og Kamilla Øvretveit (12,27) på dei neste plassane.

Dette lovar godt for vinteren!

I seniorklassen trakk Rune Minde det lengste strået denne gongen. Han skøyta dei  10 km. på 29,01. Dei fleste gjekk med klassiske ski; Tormod Vågenes, Atle Austrheim og Steinar Mørch følgde kvarandre store deler av løpet, men Tormod Vågenes viste seg som den sterkaste til sist. Tida vart 30,25.

Siste karusellen blir torsdag 24. Oktober KL 17.30 i Knarvik, Lonsvegen, oppmøte austre p-plass ved sjuarbana

 

Resultat Rulleskikarusell Nordhordland skiklubb

Knarvik 15.10.2013

Aldersbestemte klassar:

7-11 år : 1,5 km:

  1. Jonas Vågenes: 9,21 (startnr. 15)

11 – 16 år Jenter, 2,5 km:

  1. Julie Øvretveit: 8,51(startnr. 12)
  2. Hedda Hauge Aasgård 10,05 (startnr. 11)
  3. Kamilla Øvretveit: 12,27 (startnr. 14)

11 – 16 år Gutter, 2,5 km:

  1. Jonas Dalland: 7,16 (startnr. 214)
  2. Martin Kvamme Kalnes: 8,10 (startnr. 7)
  3. Erlend Kvamme Kalnes: 8,50 (startnr. 18)
  4. Herman Alvær: 8,50 (startnr. 17)
  5. Marcus Veland Hansen: 9,08 (startnr. 16)

16 år – Menn, 10 km

Skøyting:

  1. Rune Minde: 29,01 (startnr. 218)
  2. Ludvig Kvamme: 36,50 (startnr. 202)

Klassisk:

  1. Tormod Vågenes: 30,25 (startnr. 220)
  2. Atle Austrheim: 30,27 (startnr. 219)
  3. Steinar Mørch: 31.11 (startnr. 201)
  4. Vidar Sætre: 32,40 (startnr. 203)
  5. Reidar Ladehaug: 36,03

Turklasse:

Ananias Havrenakken – utan tid

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *