4. renn i Ruleskikarusellen 2013

Siste rennet i rulleskikarusellen vart arrangert torsdag i Knarvik langs Lonsvegen. Det var surt ver med regn og vind, men heile 16 deltakarar stilte til start. Mange unge og eldre har etterkvart fått seg rulleski og er ein fin aktivitet som gir god treningsutbytte.

Under torsdagens renn viste mange at dei beherskar teknikken, flott innsats av alle. 8 år gamle Jonas Vågenes trossa regnbyene og vant kortløypa, Herman T.Alvær vant mellomløypa i guteklassen 26 sekund føre Marcus Hansen, og Julia Øvretveit vant jenteklassen, berre 12 sekund bak Herman. Flott innsats og av Hedda Hauge Aasgård som imponerte med å gå fortare denne gangen under dårlege forhold enn sist under optimale forhold. Andrea Thorsheim debuterte og kom på tredjeplass i jenteklassen.

I langløypa stilte 8 deltakarar til start, 3 gjekk skøyting og 5 valte klassisk. Forhandsfavoritten Rune Minde tok sigeren denne gangen og i fristilklassen, men ikkje utan dramatikk då han felte seg sjølv i starten og gjekk over ende, men han innhenta feltet og rulla over målstreken først. Rett bak han kom Jonas Dalland som haldt fylgje med Rune, men måtte sjå seg slått. Klassisk stil vart vunne av Trond Austrheim som imponerte på lånte rulleski (som trilla godt) og knuste dei andre i klassen. Andreplassen tok Tormod Vågenes etter ein durabeleg spurtduell med Inge Hatlebrekke og Atle Austrheim.

Alle dei 4 renna i karusellen er no avvikla, men det står att eit turrenn på rulleski som vil bli annonsert når dato er klar.

Resultat :

1,5 km

G 8-11 : 1. Jonas Vågenes       9,59

2,5 km

G 11-16 : 1. Herman T.Alvær  9,10

2. Marcus Hansen   9,36

J 11-16 : 1. Julie Øvretveit       9,22

2. Hedda Hauge Aasgård       9,37

3. Andrea Thorsheim           11,48

 

Menn Senior : Kristoffer Berntsen    15,39

 

10 km

Menn Senior Fristil :     1. Rune Minde          30,30

2. Jonas Dalland        30,34

3. Reidar Ladehaug   38,04

 

Menn Senior Klassisk : 1. Trond Austrheim    30,45

2. Tormod Vågenes    32,22

3. Atle Austrheim        32,24

4. Inge Hatlebrekke     32,25

5. Espen Olsvik             33,58

 

Ein tanke om “4. renn i Ruleskikarusellen 2013”

  1. Inge, du kom ikkje på pallen, du må nok ned att til Spania ein månad til for å samla raude blodlegemer 🙂

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *