Årets første skøyterenn gjekk av stabelen i dag, Golsrennet som vart flytta til Geilo. Kom 25 cm nysnø i natt, så var lause forhold. Kombinert med 11-12 minusgradar vart det svært trått og tungt føre. Rennet gjekk på slutten av ei ganske tøff samlingsveke for NTG, noko eg merka på kroppen. Er ikkje superfornøgd med rennet, difor er det positivt at avstandane fram til teten ikkje var avskrekkande. Vart nr 7, 1,5 minutt bak vinnaren på 10km skøyting. Går betre og betre for kvart renn no, så når formen kjem utover i sesongen kjem det forhåpentlegvis til å gå skikkeleg fort! Med fleire renn og ein god treningsperiode no skal formen bli prikka inn til den første Norgescup-helga i starten av Januar.
Mvh Magnus-Johan
