Magnus-Johan Færø kom i mål til 12. plass i klasse M 19-20 år under Ribberennet ved Liatoppen skisenter på Ål fredag 3.juledag. 10 km skøyting stod på programmet i ei tøff løype. -Eg har gått frykteleg dårleg på dette rennet tidlegare, så eg var innstilt på å snu den trenden dette året fortel Magnus-Johan. Men det klarte han dessverre ikkje denne gongen heller, sjølv om rennet i år gjekk betre enn dei to føregåande åra. – Eg hadde lite trøkk i kroppen, og er ikkje i heilt den formen eg hadde håpa på. Det er vanskeleg å seie grunnen til det, men eg trur det kan skje mykje på ei veke fram til Norges Cup-rennet på Nybygda neste helg.
Magnus-Johan var ikkje veldig langt bak eit bra resultat, så han er optimistisk framfor neste helg. – Eg hamna på 12. plass av 20 løparar i ein jamn klasse. Var rundt to minutt bak ein suveren vinnar, og i overkant av eitt minutt fram til pallen. Raskast av alle var senioren Sindre Bjørnestad Skar frå Bærums Verk IF.