Norges-Cup på Sjusjøen

image

I helga var det Norges-Cup på Sjusjøen. Rennet skulle eigentleg gå på Nybygda, i nærleiken av Hamar, men på grunn av snømangel vart rennet flytta til Sjusjøen der det var flotte vinterforhold.

Helga opna med skøytesprint på fredagen. Hadde ikkje store forhåpningar til denne dagen, ettersom sprint er min svakaste disiplin og eg ikkje hadde forhåpningar om å gå vidare fra prologen. Prologen gjekk som forventa. Kroppen føltes bra og skia var gode, men manglar litt kraft og hurtigheit til å få opp skikkeleg stor fart og ta meg vidare. Hamna på 114. plass av om lag 200 løparar, og var med det 16 sekund bak vinnaren og om lag 8 sekund frå å gå vidare. Eit greit resultat som visar at eg har heva meg i sprint, og eg var optimistisk foran morgondagen.

Laurdag var det 10 km skøyting som stod på programmet. Dette såg eg på som mitt viktigaste renn denne helga, og eg gleda meg til å gå. Dessverre var ikkje formen like god som eg hadde håpa og trudd, og eg mangla den spruten som trengs for å gå eit toppløp.  Hamna på 115. plass av om lag 200 løparar også i dag. Vanlegvis er eg mykje betre på distanse i forhold til sprint, så at plasseringa var dårlegare enn i går er ikkje typisk meg, og visar at eg forhåpentlegvis har ein del å gå på formmessig. Samanlikna med løparar som er født i 1995 var det derimot ikkje så ille, og løpet var nok ein god del betre enn under den første NC-helga i fjor. Ettersom det i år er dobbel årsklasse er det derimot vanskelegare å hevde seg og eg hamna lenger ned på listene.

Til slutt var det 10 km klassisk på søndag. Dette vart ei merkeleg affære, med frykteleg vanskelege smørjeforhold. Var rundt null gradar, så det var hektisk før start og mange variantar av ski og smørning som var aktuelt å bruke. Eg valte å gå på rubbski, men det var også mange løparar som brukte både klister og tørrvoks. Nokre valgte til og med å gå på skøyteski og stake gjennom løypa. Mange som gjorde dette hamna langt opp på listene, og i ein yngre klasse (M17), staka vinnaren på skøyteski. Spora var heilt blankpolerte, så uansett kva som vart nytta var det nesten umogleg å få feste. I tillegg var det tjukk skodde som gjorde sikten frykteleg dårleg, og mange plassar var det vanskeleg å sjå kor løypa gjekk. Men det var likt for alle, og vêret kan ein ikkje styre over. Løpet var litt som dei andre dagane. Eg er ikkje like god i klassisk som skøyting, så sånn sett var det OK å hamne på ein ganske lik plassering som dei andre dagane. Vart nummer 119. av  ca 200 også i dag.

Den første NC-helga var litt under forventningane for min del,  men formen min er ofte dårlegare på starten av sesongen enn på slutten, så eg satsar på ei positiv utvikling framover! Tar med meg at avstandane opp til gode plasseringar er relativt liten, og også at eg samanlikna med jamngamle løparar gjorde det greitt. Ser også at eg hevdar meg bra mot løparar fra krinsen, og at eg slår løparar som eg normalt ikkje har slått.

Mvh Magnus-Johan

Ein tanke om “Norges-Cup på Sjusjøen”

  1. He5per helsen hloedr og du kommer deg pe5 bryllupsfotografering!!!!!Kjempeflotte fjf8rbilder! Eg ser langt etter hf8nsene eg og. Hadde tenkt e5 skaffe meg noen, men det ser ut til e5 bli en se5nn ting som eg tenker pe5, tenker pe5, tenker pe5…og tenker pe5 😉 Vi fe5r se 😉 God helg!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *