Ustedalsfjorden rundt med god deltaking frå Nordhordland skiklubb

 

imageDet tradisjonsrike rennet Ustedalsfjorden rundt gjekk av stabelen lørdag 11. Januar. Det var gode løyper og fine forhold med 5-6 minusgrader. Stort sett var det opphaldsvær og lettskya under løpet, men det hadde dryssa nokre cm. natt tillørdag. Start og målgang er på Geilo skistadion; etter eit par rundar i lysløypa legg løparane ut på turen rundtUstadalsfjorden.

 

Nordhordland skiklubb var representert med 4 løparar. Best av dei var Inge Hatlebrekke med 1 time og 12 minutt, 7. plass i si gruppe. Rune Minde kom på 15. Plass i si gruppe med tida 1 time, 21 min og 50 sek. I klassen M66-70 kom Asbjørn Eidsheim på 4. Plass med tida 1 time, 43 min og 15 sek. Ikkje oppgjeven tid på Harald Håbrekke.

 

Fana IL var den klubben frå våre trakter som stilte med flest deltakarar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *