Sterk Alvær i Herresåsen

Foto:Morten SæleFoto: Morten Sæle, Nh avis.

Herman Alvær(bildet) klinte til med ein knallsterk 6.plass i Viljarrennet på Voss i dag. Herman som går i 12 årsklassen, kom i mål på tida 7 minutt og 20 sekund, og var 24 sekund bak vinnaren Bård Olav Steinsland Medhus frå Røldal. Andreas Nergård kom i mål på tida 8,12. og til 20.plass i ein jamn årsklasse som talde 23 deltakarar.

Også Magnus-Johan Færø gjorde sine saker bra på Voss sundag. Med sluttida 30,16 sikra han seg 3. plassen i juniorklassen på 10 km klassisk. I same løypa, og på nøyaktig same sluttid, vart Bjørnar Stusdal klokka inn til 2.plassen i seniorklassen. Det kan med andre ord bli fleire interessante duellar mellom dei to utover vinteren.

Midt på resultatlista i seniorklassen fann vi leiaren i skiklubben, Atle Austrheim. På den aller første skituren sin denne sesongen, smelte han til med solide 34,42 på 10-kilometeren, og la bak seg heile sju bergensarar, seks av dei frå idrettslaget Fana.

Aller raskast i Herresåsen var ikkje uventa junioren Vebjørn Turtveit frå Voss. Han kom i mål på sterke 26,57, og vann klassen sin med over 3 minutt. Tørvikbygdaren Erlend Drivenes var nest raskast på 10-kilometeren på tida 27,11, og vann seniorklassen like suverent.

I alt 12 deltakarar frå Nordhordland Skiklubb fullførte årets utgåve avViljarrennet.

nordhordland avis

RESULTATLISTE

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *