Mangel på snø, men ingen ting å sei på rekrutteringa.
Eikanger IL som er ein av klubbane i Nordhordland Skiklubb hadde ikkje mindre en 45 utøver på barmarks og kjernemuskulatur treninga i kveld. Treninga er delt inn i to økter med start ute 45 minuttar og blir avslutta med 45 minuttar inne i idrettsbygget.Det er berre heilt storarta å sjå eit sånt oppmøte som dette seier trenar Einar Stusdal og gliser frå øyra til øyra. Allereie no er vi i mangel på nok trenarar og fortsette auka vil behovet bli enda større.
Om nokon kunne tenka seg å væra med som hjelpetrenarar så er det berre å ta kontakt.
Du når Einar på 991 67 795


