RESULTAT KM 2014

image

I kraftig vind og snøføyke blei KM i fristil og klassisk avvikla på Herresåsen 25-26 januar.

Vinden og all snøfokket skremte ikkje Nordhordlendingane frå å stille mannsterke til start i begge renna.

Laurdag var det fristil med17 startane frå skiklubben og sundag var det ei auke på 3stk. (totalt var det med 673 utøvarar i desse to løpa).

Vi har ikkje hatt mykje snø lokalt til no i vinter så barmarkstrening og rulleski er dei førebuingane utøvarane frå Nordhordland kunne stilla til start med.

Forholda ga ei usedvanleg tung løype å gå i, men ny glida ski, riller i ski sålen og godt mot skulle gi perfekte rammer for dagen. Ein etter ein fullførte godt sletne og nøgde utøvarar løpene sine.

Forholda forverra seg ein del til sundag og ga smørjarane ei utfordring da det var både is og nysnø i spora. Skia vært preppa etter beste evne og fleire av utøvarane nord om bruna presterte årsbeste i dette løpet.

Klubbresultat fra KM i fristil og klassisk 25-26. Januar

Vikingrennet_KM_Hordaland_Fri_2014

KM_Hordaland_Klassisk_2014

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *