I dag (15. feb) har Magnus-Johan Færø gått 15 km klassisk i norgescup på Gjøvik. Det vart ein hard 15 kilometer med vanskeleg rubbeføre og svært oppgått løype. Dette tråe føret gjorde at den største utfordringa vart nesten å halde seg på beina!Løpet minna sånn sett ganske mykje om klassisk rennet i forrige norgescup-helg seie Magnus-Johan. Det er ikkje mykje moro med sånne forhold, men det er ein del av gamet og likt for alle.
Korleis ser du på rennet samanlikna med tidlegare renn i år?
For min eigen del vart rennet ein opptur frå forrige nc-helg. Enda som nr 84 av ca 180 startande.Kjenner at formen er bra, men med to fall og litt svak avslutning vart det ikkje heilt rått. Skal riktig nok nemnast at svært mange løparar måtte ein tur ned i snøen i løpet av rennet.Alt under et er eg brukbart fornøgd, og ser veldig fram til 20 km skøyting i morgon (16. feb).
«Då går eg for årsbeste»
Vi ynskjer Magnus-Johan lykke til med rennet i morgon og ser fram til å høyre kor det gjekk.