Sterk Færøinnsats i utfordrande Ørnarrenn

Ørnarrennet 3 fornøgde skiløparar frå skiklubben i målområdet

 

Ørnarennet feirer 63 år i år. Nordhordland skiklubb markerte det med å stilla med kanskje den største kontingenten nokosinne. Heile 16 stykker tok turen for å gå det vel 30 km. lange fjell-rennet mellom Myrkdalen og Oppheim lørdag 15. februar. Dei vart møtt med utfordrande vær- og føreforhold. Sterk vind og svært vekslande føreforhold tvinga arrangørane til å legga om løypetraséen. I staden for å gå opp på fjellet blei det 5 ½ runde i lysløpa.

Stemninga var nervøs i smøreområdet før start. Rubb, klister eller voks?  Det var som eit ekko av Sotsji-rapportane. Fleire braut løpet under første runden, men dei aller fleste frå Nordhordland skiklubb gjennomførte løpet.  Forholda betra seg og etterkvart.

Bestetid frå klubben fekk Halvdan Emil Færø. Han gjennomførte på sterke 1,29,56. Med det vann han klasse M 21-25 og fekk femte beste tid totalt, knappe 2 min bak vinnaren, Stian Engevik, på tida 1.28.00. Kenneth Alvær gjekk og svart bra og kom i mål på sterke 1,31,43. Einar Færø sto for den andre klassesigeren til Nordhordland skiklubb med sine 1,34,23. Flott innsats!

Det er elles gledeleg at Marianne Berg braut mannsdominansen. Ho kom i mål på 2,11.05 og  blei nr. 2 i sin klasse, K 36-40.

Resultatliste fin du her

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *