NC Gjøvik fristil

IMG_5079[1]I dag var det 20km skøyting på programmet på Gjøvik og dette rennet hadde Magnus-Johan sett fram til lenge. Å få til eit godt fristilrenn her var eit av hovudmåla hans for sesongen. Som Magnus-Johan fortalte oss etter klassisk rennet laurdag var målet å bli blant dei 50 beste i fristilrennet.

Det viste seg dessverre tidleg at dagsforma ikkje var heilt topp, og han var sliten etter den tøffe 15 kilometeren laurdag. Skia var heller ikkje så gode som dei burde vere for å få til eit topprenn. Trass i dette kjempa Magnus-Johan godt heile vegen og kom til slutt på en 98. plass av ca 160 startande.

Helga sett under eit er han relativt fornøyd og ser fram mot nye utfordringar i sporet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *