I helga gjekk det siste norgescuprennet denne sesongen av stabelen på Gålå. For Magnus Johan vart det berre eitt renn denne helga, ettersom han ikkje var blant dei beste i samandraget som kvalifiserte for å gå duathlon på søndag.
15 km skøyting stod på programmet på laurdag i fantastiske forhold med mange plussgrader og realt påskeføre.
For Magnus Johan vart dette sesongbeste med ein 68. plass. Han hadde litt stang ut med dårlege ski og det var nok kjedeleg å ikkje ha fullklaff med utstyret. Sett under ett er han godt fornøgd med sesongavslutninga ser no fram mot ein rolegare periode med meir lystbetont trening og færre renn. Ski sesongen er ikkje heilt ferdig enno for han skal delta i Skarverennet og eit par andre mindre renn.