Atle Austrheim vann sitt eige påskeskirenn

ATLE2 Tekst og foto: Claus Sellevoll

Medan katolikkane piska seg til blods i påskehelga, valte Atle Austrheim (53) å reinska sjel og lekam med ein tur rundt Nordhordland. For folk flest kan dette sikkert høyrast ut som ein koseleg påsketur. Heilt til ein får vite at transportmiddelet er rulleski og distansen er 95 kilometer, der småstein og dårleg asfalt på vegen gjer det livsfarleg på små gummihjul. Atle Austrheim blei utfordra skjærtorsdag, og han tok utfordringa. Det var ingen veg attende då facebookmeldingar og ”likes” tikka inn dagen før dagen.

aTLEKlokka viser 9:00, det er 2.påskedag og Atle Austrheim tek fatt på sitt livs lengste rulleskiløp. Med start frå Knarvik via Radøy held han jamn høg fart. Etter vel 40 km er han framme i Mastrevikane på Austrheim. Klokka viser 11.20 og han er godt føre eit skjema til ei tid under 6 timar. Etter ei kort kvilestund på bensinstasjonen og ein vel fortent matbit, set han så kursen frå Mastrevikane mot Mongstad og Lindås. Men på Vågseidet snaue tre mil unna målet, har det begynt å røyne på kreftene. Sjølv ikkje inntaket av raske karbohydratar klarar å bøta på det store energitapet han har hatt dei første 60 kilometerane. Han er på ”stålet”. Det verkjer i bein og armar. Etappen frå Hundvin til Isdalstø vert dermed ein beinhard kamp mot klokka og kilometerane. På Søreide er ikkje Atle Austrheim til å kjenna att. Han er bleik om nebbet og ser ut som ei vaggane gås, meir enn ein trent skiløpar der han dreg seg over dei seige asfaltflatane mellom idylliske bondegardar. Fleire gongar tek han av seg rulleskiene og går opp bakkane, bakkar som han vanlegvis forserer lett. På Kleivdal viser klokka 14:40. Han har brukt lang tid dei siste 20 kilometerane, og draumen om ei tid under seks timar renn no ut i sveitte og inn i blodige gnagsår. – Eg manglar blodomløp i beina, ropar han til lagkameraten. -Gi no faen i det. Kom deg opp på tåballane når du stakar. Då kjem det seg. Det er soseskjøt til middag. Kom igjen, oppmuntrar treningskompanjongen nådelaust. For Atle Austrheim handlar den siste mila berre om å koma seg til mål. Han hanglar seg forbi det gamle Meieriet på Seim, opp gamlevegen, og forbi Herland. På siste flaten mot Åse er han sluttkjørt, men det spelar ingen rolle. No går dei siste kilometerane i slakt unnarenn. Med sola i fjeset kan Atle Austrheim løfta hendene over hovudet i det han rullar over fortauet i Isdalkrysset. Vel vitande om at han har klart gjennomføringa av draumeturen på rulleski, Nordhordland rundt. 95 kilometer i klassisk stil. På sterke 6 timar og 15 minutt. Det let seg høyre. Nordhordland Skiklubb gratulerer hardhausen Atle Austrheim!

Les Strilen…

Les Nh…

3 tankar om “Atle Austrheim vann sitt eige påskeskirenn”

  1. Imponerende Atle, du har jo gått lange løp før,men jeg tipper dette tar kaken. Fullførte treningskompisen din også?
    Steinar

  2. Hei Steinar.

    Ja, treningskompis Ananias Havrenakken fullførte i fin stil :-). Måtte hjelpa han or grøfta nokre ganger og fekk han til å skreva vidare i sine knickers og strikketrøya.
    Måtte riktignok ta seg ein blås med Blå Strek ein gang i timen for å halda pulsen nede.

  3. Tobakk er godt for lungene sa eg te Doktaren hin dagen. Og eg skal sei han vart stor i augena, då eg kunne fortelja han at sigaretten va da sista so slokna på far.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *