Knarvik Xtrem 2014

mms_img-1031932579Thorbjørn Ludvigsen vann Knarvik Xtrem i suveren stil og knuste sin eigen løyperekord med over minuttet. Den nye rekorden i den 10,7 kilometer lange løypa lyder på 47,06. I dameklassen var Eli Anne Dvergsdal like utilnærmelig og sprang langløypa på sterke 55 minutt og 50 sekund. Men det var ikkje berre ute i løypa det vart sett rekordar. Årets Knarvik Xtrem samla totalt 423 deltakarar som er ny rekord og nær ei dobling frå i fjor. Nordhordland Skiklubb gler seg storleg over suksessen, og takkar alle utøvarar, sponsorar og funksjonærar for strålande innsats!

RESULTATLISTER TRYKK HER

Ein tanke om “Knarvik Xtrem 2014”

  1. Gratulerer med fantastisk arrangement! Dersom du likte terrenget, og er klar for ei endå meir ekstrem utfordring; Knarvik Baskerløp i april 2015. Start og mål på Knarvik Stadion, dobbelt så langt, tre gonger så mange høgdemeter, fleire myrer, steingjerder og grinder, over alle toppane i Knarvik-området. Blir arrangert midten av april. Og denne gongen blir det faktisk merking av løypa!!;-) Sjekk ut Knarvik Baskerløp på Facebook!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *