Sesongen er no godt i gang, og eg har allereie gjort unna tre skirenn. Førre helg stod Golrennet på Solseter på planen, og her var disiplinen 10 km skøyting. Eg plar alltid trenge nokre renn for at forma skal verte topp, men det var godt å kome i gong og eg var brukbart fornøgd med kjensla i kroppen. Enda som nummer 9 av 14, drøyt 2 minutt bak Eirik Sverdrup Augdal, dobbel juniorverdsmeister frå Val di Fiemme i fjor.
I helga var det derimot duka for større og viktigare konkurransar då årets VM-mønstring gjekk av stabelen på Lillehammer. Dette er uttaksrenn for junior-vm i Kasakhstan, så her var alle dei beste juniorløparane i landet samla. På fredag var det 15 km skøyting, og dette skulle vise seg å verte mitt beste renn denne helga. Gjekk eit jamnt og greitt renn, med ein god sisterunde, og kom i mål som nummer 74 av knappe 140 deltakarar. På søndag var det 20 km fellesstart med skibytte (10 km klassisk + 10 km skøyting), noko som vart eit skuffande renn for min del. Enda her som nummer 83 av 144 deltakarar. Kroppen føltes tung, og eg fekk aldri opp farten heilt. Eg hadde og dårlege ski denne dagen, og då er det vanskeleg å hevde seg i ein marginal idrett som langrenn.
Oppsummert kan eg seie meg brukbart fornøgd med starten på sesongen. Har på ingen måte toppa formen til desse renna, så eg har håp om å heve meg nokre hakk til norgescupen startar i midten av januar. Eg er i alle fall sikker på at eg er på eit høgare nivå i år enn på same tid i fjor.
Du veit vi støtter deg uansett hvordan det går! Har trua på at du får ditt store gjennombrudd i år!
Bra start på sesongen dette, stå på, me heiar på deg !