God start for Herman

Herman Toppe Alvær med sterk 8. plass i Viljarrennet.

-Dei manglar enno litt fart og trøkk i fråsparket til å hengja med dei beste, men Viljarrennet var ein fin start på skisesongen for dei fem skiløparane som deltok for Nordhordland Skiklubb, oppsummerar trenar Kenneth Alvær.

IMG_4383Dei fem skiløparane som representerte Nordhordland Skiklubb på Voss i helga var Julie Øvretveit (16) , Martin Kvamme Kalnes (16), Erland Jordal (14), Erlend Kvamme Kalnes (14) og Herman Toppe Alvær(13).Sistnemde var den som imponerte mest i skisporet søndag, og skøyta dei tøffe 3 kilometerane i den velkjente NM-løypa på 12 minutt og 26 sekund. Det var over minuttet etter vinnaren, men tida held til ein fin 8.plass mellom dei 18 deltakarane som fullførte i 13 årsklassen. Til helga ventar nye sjansar for skientusiastane når Viking IF skipar til Vikingrennet i dei same løypene i Herresåsen på Voss.

RESULTAT Viljarrennet 2015

Avisa Nordhordland

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *