Også i år var Nordhordland skiklubb representert i Birkebeinerrennet. I år stillte 5 løparar til start. Fjorårets avlysing gjorde nok sitt til at ikkje fleire tok turen. Men i år viste fjellet seg frå si beste side: strålande sol frå klar himmel, minusgrader heile dagen og nesten vindstille. Det var ein fryd med løyper som trikkeskinner frå start til mål.
Det er fem nøgde løparar som vender heimatt: Halfdan-Emil Færø kom i mål på den imponerande tida 2.57.29 som er den nest raskaste tida nokon gong i Birken prestert av utøvar frå Nordhordland Skiklubb. Asbjørn Eidsheim har gått imponerande 7 renn i år, m.a. Holmenkollmarsjen og Ustedalsfjorden rundt og er påmeldt sitt 8.: Skarvarennet. Han betra persen sin i Birken med neste 1/2 time og kom i mål på 6,07. Espen Aakre var godt nøgd med at han akkurat greidde å pressa seg under den magiske 4 timers grensa. Karl Magne Tvete med ei flott tid på 5.08 og Rune Minde imponerte med sterke 3 timar og 42 minutt sikra han seg sitt første merke i Birkebeinaren. Han greidde så vidt å kasta seg i mål før kronprins Håkon Magnus.
Vi gratulerer alle med flott innsats.
Det lot seg ikkje gjera å samla alle utøvarane, men vi har fått eit bilde av ein svært nøgd kar.
Rune Minde i målområdet etter å ha sikra seg sitt første merke i Birken.

Retting: Tida til Halfdan var 2.54.29 😉