Asfalt i Brekkeløypa-skiklubben jublar

Claus_og_Atle_Foto:Nh Avis

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Snart slepp skiløparane å gå på dårlege vegar. Nordhordland Skiklubb og Knarvikmila har no fått pengar av eit lokalt foretak til å finansiere asfalt i Brekkeløypa. Me ser for oss å utvida breidden på løypa slik at den gjer plass til både ski -og turgåarar.

– Utan desse pengene ville me ikkje fått realisert ei rulleskiløype med det første, men no håpar me å ta i bruk Brekkeløypa alt frå august. Etter alle solemerkjer kan me leggja asfalt like over sommerferien, seier leiar i Nordhordland Skiklubb, Atle Austrheim.

Klubben manglar framleis 370.000 kroner for å få løypa helt ferdigstilt.

– Eg føler me har god kontroll på det økonomiske, og me skal jobba hardt for å få på plass den endelege finansieringa, seier Atle Austrheim

På vinterstid vil ei slik løype kunne preparerast med kunstsnø i periodar med lite snø. Snøkanon er eit eige prosjekt som etter planen skal vera ferdigstilt i 2016.

For å få heilårs bruk er vi avhengig av lys og dermed blir det også satt opp ein del nye lysstolpar langs den nye løypa.

Rulleski, standplass og rullebrettrampe

Det er komt fleire innspel om tilrettelegging av aktivitetar i området i samband med dette prosjektet, og eit av dei vil me sjå nærare på er ein standplass for skiskyting.

Kor raskt me får realisert desse planane er i hovudsak avhengig av finansiering og velvilje frå grunneigarane i området. Dei gode erfaringane vi har frå tidlegare prosjekt gjer at me er svært positive til at vi skal kunne få til eit nytt, flott anlegg i løpet av eit par års tid.

Totalt koster rulleskiløypa om lag 850 000 kroner. Ifølge Austrheim er grunnarbeid og asfaltereng av både løype og rullebrettrampe inkludert i dette. Løypa vil vere cirka 1700 meter lang, mens området til rampen, som også skal asfalterast, blir mellom 300 og 400 kvadratmeter stor.

– Det er i første omgang ei kort løype, som blir en fin boltreplass for rulleski. Nordhordland Skiklubb har også planer om ei lengre rulleskiløype med tid og stunder, noko som må på plass før dei kan ha konkurransar der på sommerhalvåret.

– Løypa er viktig for heile regionen vår – spesielt i forhold til trafikksikkerheiten. Dette blir ein flott arena kor ungane kan halde på med leik, utan bilar og andre farar.

– Det går ikkje eit år utan at det skjer tragiske ulykker på rulleski, derfor vil me jobba vidare med å få gode forhold til rulleski i eigne løyper, forklarar Atle Austrheim.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *