KNARVIK: Å gå på rulleski er nesten like kjekt som vanlege ski.
Tekst og foto: Avisa Nordhordland / Gro Anette Fanebust
I alle fall dersom vi skal tru dei ivrige deltakarane på Nordhordland Skiklubb sitt rulleskikurs onsdag. – Rulleski ligg det langt betre til rette for her på Vestlandet enn langrenn på snø, humrar leiar i skiklubben, Atle Austrheim. Han fortel at dette er eit tiltak for å rekruttera born til skisporten, og han er godt nøgd med både oppmøte og innsats. For dei fleste var dette fyrtse gong på rulleski, og det å finna balansen er det viktigaste.
-Eg synest utøvarane viste veldig stor framgang under økta, seier Austrheim.
I alt sju deltakarar i alderen 8-12 år var med.
-Eg vil retta ei stor takk til Lindås kommune ved Kjetil Eikefet som fekk kosta veg på parkeringsplassen slik at tilhøva vart fine for borna, seier Austrheim. I august vert det etter planen nytt kurs.