Børge Sellevoll nr 6 i Hornindal Rundt

børgehornindal3Børge Sellevoll (til venstre) smelte til med ein knallsterk 6. plass då han debuterte som ultraløper i Norges hardaste fjelløp, Hornindal Rundt laurdag. Langløpet som går i eit flott skog og fjellterreng er 75 km langt og har ei total stigning på 5600 meter.

Sellevoll disponerte løpet perfekt og opna relativt forsiktig og plasserte seg som nummer 30 halvvegs. Men med gode bein, spesielt i bakkane, var det berre å gje bånn pedal i siste halvdel. Sellevoll kom til slutt i mål på 11 timar, 34 minutt og 16 sekund. Det held til ein 5. plass mellom herrane og ein 6.plass totalt.

-Mitt livs løp, seier ein smørblid Børge Sellevoll på sms til Nordhordland Skiklubb.

OM HORNINDAL RUNDT:

Hornindal Rundt er eit fjelløp og ultraløp som går i eit flott skog og fjellterreng i Hornindal kommune. Løpet er 75 km langt, har ei total stigning på 5 600 meter og passar for trena mosjonistar så vel som erfarne maraton- og ultraløparar. Utan om ein matstasjon halvvegs i løpet vert det lagt opp til at løparane er sjølvforsynte. Løparane må innom 20 bemanna og ubemanna postar under løpet. Postane ligg rundt om i fjellandskapet i heile Hornindal. Løypa går frå lågland til fjelltopp, ned til setrar, opp på toppar og ned igjen. Løypetid ligg mellom 10 og 30 timar.

STRILEN

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *