Tekst Morten Sæle, Nh

Eli Anne Dvergsdal XtremOnsdag 26. august er det igjen klart for milløpet Knarvik Xtrem, som går i terrenget mellom Knarvik og Aase. Avisa Nordhordland presenterer i tida framover nokre av profilane som kjem til løpet. Eli Anne Dvergsdal går for ny pers.

Ambisjonar for årets løp:

– Eg håpar å gjera det litt betre enn i fjor, målet mitt er å perse, seier Dvergsdal.

Tankar om løypa:

– Løypa er utruleg fin. Deltakinga i fjor var mitt første terrengløp som ikkje var i motbakke. Det er masse ulikt terreng, med både oppover, nedover og flatar, det likte eg veldig godt, seier ho.

Opplading i år:

– Det har stort sett gått i motbakkeløping, eg har mellom anna delteke i Norgescupen. Så har eg vore med i EM, og på Skyrace i Dolomittene.

Kva vekte løpeinteressa:

– Ja, sei det. Eg har alltid likt å vera i aktivitet, og har alltid gått masse på fjellet. Eg synest det er kjekt å ta nye rekordar, og heile tida prøva å gjera det betre og betre for kvar gong, seier ho.

Neste store mål:

– Hovudmålet er eigentleg NM denne helga, men eg har nettopp hatt influensa, så vi får sjå korleis det går. Elles er det Skåla opp den 15. august som eg ser fram til.

Treningstid:

– Det er sjølvsagt litt mindre no i konkurranseperioden enn elles, eg ligg på mellom 20–30 timar i veka. Eg har eit treningsopplegg, elles tar eg det litt sånn som det som passar, og etter kva eg synest er kjekt. Om det er fint ver likar eg å springa over fjellet, seier Dvergsdal.

AVISA NORDHORDLAND

Legg igjen en kommentar