DUGNAD: Nordhordland Skiklubb held på å gjera løypene klare til Knarvik Xtrem går av stabelen om få veker. – Vi synes det er fint at vi kan rydda løypene til glede for alle som nytter dei, seier leiar i skiklubben, Atle Austrheim.
Nordhordland Skiklubb ryddar også i år terrenget mellom Gjervik og Isdal, til glede for turgåarar, og for dei som skal delta på Knarvik Xtrem 26. august. No jobbar skiklubben på spreng for å leggje om 200 meter av Knarvik Xtrem-løypa. Grunnen til omlegginga er at ein av grunneigarane på Isdal skal starta opp med geiter og treng utmarka si til beite der deler av trasèen går i dag.Frå uteløa under kraftlinjene på nedre Isdal og inn i skogen vil det koma opp ei inngjerding. Men for oss er dette uproblematisk, då vi berre trekkjer traséen nokre meter lenger opp i terrenget, seier leiar i Nordhordland Skiklubb, Atle Austrheim. Nordhordland Skiklubb er i år teknisk arrangør av terrengløpet Knarvik Xtrem, som er tatt inn att på programmet til Knarvikmila. I fjor deltok meir enn 400 på løpet, som i løpet av få år har firedobla deltakartalet.
Har rydda terreng
I dagane framover vil skiklubb-folket vera å sjå med sag og klyppereidskaper i Knarvik-terrenget for å setja i stand den nye delen av Xtrem-løypa. Dei siste åra er det skiklubben som har tatt på seg det frivillige arbeidet med å rydda løypene i terrenget frå Knarvik, over Isdalfjellet til Indregardsfjellet og ned til Gjervik. I vår var det ein del rotveltingar, som vi tok hand om etter at «Nina» hadde herja vilt i vinter, men stordugnaden til skiklubben vert måndag 10.august. Då skal 15 km med løyper klyppast reine, slik at det er optimale forhold til Knarvik Xtrem som går av stabelen onsdag 26. august, seier Austrheim. Han legg til at medlemmane til skiklubben er ute og ryddar løyper på dugnad året rundt.
ROTVELT: Etter stormane i vår var skiklubben ute og fjerna rotvelt som kunne vera til hinder og fare for dei som ferdast i løypene.