KM Rulleski – Flott innsats av lokale løpere

Det vart ein flott søndag i herresåsen der KM rulleski skøyting sto på programmet. Martin, Erlend, Herman, Julie og Kamilla representerte Nordhordaland skiklubb og dei leverte varene.

 

Martin knuste til og viser at systematisk trening over tid gir i gode resultat. Han kom på 3. plass berre 19 sekund bak vinnaren. Julie har også lagt ned mange treningstimar. Ho viser god fremgang og avstanden opp til de beste krymper stadig. Martin og Julie, som har begynt på skigymnaset på Voss denne hausten, skal no i gang med en hard treningsveke før haustferien.

 

Erlend, Herman og Kamilla viser og at dei kjem til å bita godt frå seg til vinteren. Også her minskar avstanden opp til konkurrentane. Kamilla hadde eit uhell og fall, forutan uten fallet hadde ho vært nær 2. plassen.

 

Vi konkluderar med at løparane er i rute og motivasjonen er på topp inn i treningshausten

 

KM Rulleski 2015 - Fv. Herman, Erland, Martin, Julie og Kamilla.
KM Rulleski 2015 – Fv. Herman, Erland, Martin, Julie og Kamilla.

.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *