3. rennet i rulleskikarusellen vart arrangert under flotte forhold torsdag 15.oktober. Det var litt skuffande at berre 10 deltakarar var med.
På forrige renn kom det karar frå Osterøy som tok over løyperekorden i fristil( Torbjørn Småland 25,35), men denne gangen slo Magnus Johan tilbake og satte ny løyperekord på 25,17 , persa med 43 sekund . Nevnast må og Rune Flyvholm, dansken som var med i sitt første rulleskirenn, han skøyta inn til 28,19 sekundet framfor Rune Minde som syntes det var litt bittert å bli slått av ein danske.
Neste renn er torsdag 29. oktober og då håper me på mykje større deltakelse. Strilarennet på rulleski blir arrangert søndag 1. november.
Resultat fristil:
Løype 2,5 km
Lars Teigland G11-16 8,20
Storm Berg Leiren G11-16 9,30
Løype 5 km
Marcus Veland Hansen G11-16 14,26
Erlend Kvamme G11-16 14,28
Herman Alvær G11-16 Brutt
Løype 10 km
Magnus j. Færø MS 25,17
Rune Flyvholm MS 28,19
Rune Minde MS 28,20
Resultat klassisk
Løype 10 km
Ståle Leiren MS 28,40
Atle Austrheim MS 28,48