Dansken

«Ein danske på ski». Ja, du har sikkert høyrt det ertande uttrykket før. 

Men tørk vekk fliret. Myten om at alle danskar er dårlege med ski på beina, har Rune Flyvholm avliva. Under «Strilarennet» på rulleski søndag, var han raskast av dei som gjekk 14 kilometeren og held elles godt følge med både ostringar og andre meir erfarne skiløparar «norom brunæ».

– I dag er det nøyaktig tre månader sidan eg gjekk min første tur på rulleski. Eg har gått 40 mil til no, men har framleis ein del å gå på teknisk. Eg er nyleg innmeldt i Nordhordland Skiklubb og ser fram til vinteren og renn på snø, fortel 27-åringen som til dagleg arbeider som yrkesdykkar på Sotra.

– Han er absolutt ein mann som kan gjera det godt i krins og turrenn om han tek nye tekniske framsteg i tida som kjem, smiler klubbleiar Atle Austrheim.

Nordhordland Skiklubb var elles godt nøgd med deltakinga som talde 15 løparar.

BILLEDSERIE OG RESULTAT

Legg igjen en kommentar