Reisebrev – Beitostølen

Samling på Beitostølen veke 47.

I veke 47 var Voss Gymnas Toppidrett (langrenn og skiskyting) på samling på Beitostølen. Vi reiste måndag 09:00 og var framme ca.14:00. Første langrennsøkt var roleg skøyting, etterpå fekk vi middag på hotellet. Målet med denne samlinga var å få «feelingen» med å stå på ski, difor blei det fokus på mengde- og teknikktrening. På morgonøktene tysdag og onsdag var heile damelandslaget og trente på stadion. På torsdag morgon hadde vi vår einaste hardøkt, samanhengande distanseintervall i pulssone 3.

Vi hadde til saman åtte øktar på fem dagar, med annakvar stilart. Vi budde på Bergo hotell og fekk servert frukost, lunsj og middag der. Mellommåltid og kvelds måtte vi skaffe sjølv. Alt i alt var dette ein fantastisk oppleving med mykje skigåing og teknikktrening.

Helsing Martin og Julie J

 

IMG_2197
Skistadion på Beitostølen
IMG_2246 2
Svingen der Martin Johnsrud Sundby vart diska
IMG_2180
Smørebussen til damelandslaget

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *