Sterke strilar i Herresåsen

F.v Herman T. Alvær, Markus V. Hansen og Jarl Von Reibnitz.
F.v Herman T. Alvær(14), Markus V. Hansen (15) og Jarl Von Reibnitz (14).

Det var 92 startande då Vargar IL skipa til karusellrenn i Herresåsen på Voss søndag. Herman Alvær frå Nordhordland Skiklubb leverte eit godt skirenn og halverte nesten forspranget opp til teten målt mot resultatet forrige helg.

-Ja, eg er fornøgd. For ei veke sidan var eg 1 minutt bak han som var best i dag. I dag var eg 34 sekund etter. Eg kjente meg ganske bra og hadde gode ski. Det var veldig jamt i dag, så eg konkluderer med at dette var eit bra renn, oppsummerar Herman T. Alvær.

Lagkamerat Markus Hansen gjorde sine saker bra  i 15-årsklassen og gjekk inn til 3. plass. Med til Voss var også Jarl Von Reibnitz som er nyinnmeld i Nordhordland Skiklubb .

– Jarl kom til Norge i september og er frå Tyskland. Han har begynt å gå på ski i år og går sinnsjukt fort for å vere nybegynnar, fortel Herman T. Alvær.

 

RESULTAT

Gutar 14 år 3 km (f. 2002)

  1. Simen Engevik, Stord IL 00:08:09
  2. Thomas Vethe, Vargar IL 00:08:34
  3. Jonas Lefdal, Fana IL 00:08:39
  4. Herman T. Alvær, Nordhordland SK 00:08:43

 

Gutar 15 år 4 km (f.2001)

  1. Jonatan Skjerping, Osterøy IL 00:10:58
  2. Elias Mostraum, Osterøy IL 00:11:10
  3. Markus Veland Hansen, Nordhordland SK 00:14:27

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *