Sjå dei enorme naturkreftene i sving

12695136_10153775192671259_762399095_oNordhordland skiklubb henta inn forsterkingar for å få bukt med den enorme rota som hadde kvelva over stien på toppen av Isdalfjellet.

Tre enorme grantre hadde kvelva etter stormen «Tor» og resultatet var ei fire meter høg rotvelt midt over stien.

– Rota hadde brote opp stien, og det var ikkje trygt for folk å ferdast forbi rotvelta, som mellom anna innheldt store kampesteinar som hadde vikla seg inn i røtene, fortel Claus Sellevoll. Han tok turen opp tidlegare i veka, og markerte rundt rotvelta, slik at folk vart leia rundt rota, og inn på stien lengre nede.

Ikkje til å spøkast med

Rotvelt er ikkje til å spøkast med, så Sellevoll henta inn forsterkingar for å rydda slik at stien, som er ein del av løypa til Knarvik Xtrem, vart trygg for ferdsel att.

–  Slike røt kan ha sterke krefter i seg, slik at når ein kappar trea, og vekta som held rota oppe forsvinn, vert enorme krefter sett i sving når rota vert fri, fortel Sellevoll. Han fekk difor med seg ein røynd skogsryddar, Sigve Eldøy, som mellom anna har rydda skog for BKK sine linjer.

Fleire tonn

Med motorsag, talje og vaierar gjekk dei to laus på oppgåva.

– Vi sikra det eine treet som hadde kvelva ved å binda det fast med ein sterk wire, og på den måten vart det trygt å kappa det siste treet, fortel Eldøy. Skiklubben sikra seg film av arbeidet, der ein ser enorme naturkrefter i sving i det den fleire tonn tunge rota fell på plass, og stien ligg att som før.

Tryggleik i fokus

– Det er viktig med tryggleik når ein skal utføra slikt arbeid, og i skiklubben er vi glad for at vi har både dugnadsvilje og dyktige fagfolk på ulike felt, som kan bistå i dugnadsarbeidet, seier Claus Sellevoll. Han legg til at Skiklubben sine folk er ute heile året for å rydda løyper og halda dei i stand.

– Eg er ikkje sikker på om folk veit kor mykje arbeid vi legg ned kvart år i å rydda stiar og løyper, men for oss er gevinsten at folk kjem seg ut og kan nytta løypene, seier Sellevoll.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *