Herresåsen rundt

Nordhordland Skiklubb hadde fleire løparar på start då turrennet Herresåsen rundt gjekk av stabelen sundag 28. februar.

Strålande sol og flott vintervêr skapte fine rammer rundt det 29 km lange rennet i terrenget rundt Voss Ski- og tursenter. Deltakarane frå Nordhordland Skiklubb leverte også mange fine prestasjonar.

Magnus-Johan Færø var raskast av dei lokale i den lengste løypa og staka på blanke ski inn til tida 1.29.42. Han vann med det klasse M21-25 år og vart nummer 5 totalt. I same klasse gjekk eldre bror Halfdan-Emil Færø inn som nummer 2 med tida 1.34.19. Han vart nummer 8 totalt etter ein hard kamp mot mellom anna velkjende Gudmund Skjeldal.

Martin Kvamme Kalnes vart nummer fire i M17-18 år med tida 1.41.04. Ikkje lenge etter kom Kenneth Alvær inn til 3. plass i M51-55 år etter eit fint løp.

Elles deltok både Gunnar og Asbjørn Eidsheim frå skiklubben.

Også i dei yngre klassane hadde Nordhordland fleire deltakarar med. Desse gjekk 7,5 kilometer. Erlend Kvamme Kalnes gjorde eit godt løp og vart nummer 3 i M15-16. Med tida 35.22 var han berre 2 minutt bak sigeren. I same klasse vart Jarl Von Reibnitz nummer 4. Herman Alvær, som forrige helg gjorde to gode løp under Ungdommens Holmenkollrenn i Oslo, viser stadig framgang og vart nummer 2 i klasse M13-14 med tida 35.29. Det ser med andre ord ut som at det jamne nivået blant ungdommane i klubben fører til framgang for alle saman. Med lovande vêrmeldinger framover ser det ut til at det vert gode moglegheiter for trening på snø og vidare utvikling også i siste del av skisesongen.

Høgdepunkta står elles i kø for dei lokale skiløparane dei neste vekene. Nordhordlandsmeisterskapen på Gamlesætra og Norgescup på Lygna står mellom anna for tur allereie neste helg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *