Den siste veka har løparar frå Nordhordland Skiklubb delteke i fleire turrenn. I Birkebeinerrennet, 54 km mellom Rena og Lillehammer, stilte både Magnus-Johan Færø og Halfdan-Emil Færø til start. I dei tunge tilhøva kjempa dei seg inn til gode plasseringar. Magnus-Johan Færø kom inn på tida 3.02.50 og vart med det nummer 81 av 500 løparar i klassen, og nummer 261 mellom dei om lag 10 000 deltakarane totalt i rennet. Halfdan-Emil hadde ein tyngre dag på det utfordrande føret og kom inn til 3.13.21 og ein 71. plass blant dei 650 deltakarane i klassen og 532. plass totalt.

Skjærtorsdag var det familieduell blant fleire blad Færø i det 28 km lange Hemsedalsrennet. Rennet utvikla seg også til å bli ein duell mellom løparane som gjekk med feste og løparane som staka seg rundt heile løypa på blanke ski, for sjeldan har det vel vore like lite festesmurning i omløp på eit klassisk turrenn. Yngstemann Færø var ein del av stakarane, og vart raskast i familien med tida 1.15.34. Halfdan-Emil slo tilbake med eit betre løp enn i Birken, sjølv om det kan sjå ut til at diagonalgangen, teknikken han likar best, ser ut til å synge på siste verset i konkurransesamanheng. Han kom inn to minutt bak Magnus-Johan. Jo-Harald sikra seg ein andreplass i klassen med tida 1.24.57, og eldstemann, Einar, vart nummer tre i sin klasse med 1.32.21.

Pål Golberg frå skilandslaget vann elles rennet på tida 1.06.38 etter ein spurtduell med briten Andrew Musgrave. Sondre Turvoll Fossli frå sprintlandslaget vart nummer tre. IMG_1550

Legg igjen en kommentar