24
apr
stored in: Ymse

Fleire løparar frå Nordhordland Skiklubb valde å avslutte skisesongen med det tradisjonsrike Skarverennet laurdag 23. april. Som vanleg vart det 38 km lange rennet frå Finse til Ustaoset ein minneverdig sesongavslutning.

Det såg lenge ut som turen frå Finse til Ustaoset skulle verte ei stri tørn for deltakarane. I startområdet var det relativt sterk vind og småsurt. Det skulle likevel vise seg at desse bekymringane ikkje var berettiga, for det var stort sett strålande sol og fint føre heile vegen.

Av Nordhordland Skiklubb sine løparar var Magnus-Johan Færø den raskaste. Han gjekk eit av sine beste renn denne vinteren og kom i mål til tida 1.44.22. Med det vart han nummer 116 totalt i rennet og nummer 36 i klasse M21-25 år. Martin Kvamme Kalnes gjorde også sine saker bra. Han gjekk inn til tida 2.02.20, og vart nummer 371 totalt og nummer 71 i klasse M17-18 år. Julie Øvretveit viste også at ho er ein stayer i lange renn. Med gode 2.15.30 var berre totalt 106 kvinner raskare. Ho plasserte seg som nummer 34 i K17-18 år.

Elles deltok både Einar Færø, Egil Øvretveit, Per Thorgersen og Kenneth og Herman Alvær.

Skarverennet vart vunne av Toni Livers og Therese Johaug, med tidene 1.26.34 og 1.34.41. Over 12 000 deltakarar tok turen over fjellet.

Legg igjen en kommentar