Kva skjedde i går

Jau, Arthur frå avisa Nordhordland dukka opp med kamera og greier. Tok bilete av ein gjeng «gamle» gubbar som skulle på trening. I tillegg fekk han ein del info om det som har skjedd og det som skal skje på langrennsfronten i Nordhordland. Me satsar selvfølgelig på ein gjentakelse av vinteren i fjor ! Følg med i NH-avis onsdag eller lørdag.

Treninga i går bestod av oppvarming, før me hamna i bakken inst i trimløypa. Først 2×5 seriar med sprettende skigang, deretter 5 ganger til toppen av bakken, med staver. Så roleg nedjogging til slutt.

A.A

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *