Seedingsrenn Birkebeinerrennet 2011

Tildeling av startpuljer skjer automatisk for deltakarar som har gjennomført Birkebeinerrennet i 2008, 2009 og 2010. Det resultatet som gir best puljeplassering blir lagt til grunn for seedinga.

Meinar du at du har havna i ei for dårleg pulje, eller veit  at formen din er mykje betre enn i fjor, bør du gå eit seedingsrenn for å bli vurdert til ny pulje.

Arrangøren vurderer seedingrenn både for å lette flyten i rennet og for å få best forhold til så mange deltakarar som muleg. Etter at seeding blei introdusert, er talet forbipasseringar i rennet redusert med 80 prosent. Det har ført til mindre slitasje i løypene.
Deltakarane som gjekk Birkebeinerrennet i fjor, er i år seedet med utgangspunkt i dette resultatet. 

Det blir arrangert seedingsrenn forskjellige stader i landet .
Hugs å oppgi  BIRK ID om du melder deg på eit seedingsrenn. På den måten blir du seedet automatisk.

Sjå seedingrenn 2011…

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *