Lysløypa på Hopsdal er no preparert for klassisk og fristil. Litt laust, men elles flotte skiforhold. I kveld vil trakkemaskina preparere løypa på nytt slik at spora får setje seg . I Brekkeløypa vil det bli trekt opp spor i løpet av 2.juledag. For oppdatert prepareringstatus, sjå den nye sida  snø & løypeforhold

8 kommentarer til “Skiføre på Hopsdal”

  1. gisle c Says:

    godt med snø . kan bruke god skidna uten a være redd

  2. Rune H Says:

    Godt med snø og fine forhold i går. Ser fram til oppkjørte spor i jula.

  3. CS Says:

    Eg har berre gode ski, Gisle 😉

  4. Atle Says:

    Kjem rett frå Hopsdal no. Fine spor, litt laust for stavar, men godt brukandes. Etter kvart dukka det opp kjente fjes, og ukjente. Flott det ! Bruk snøen mens den er her.
    På mandag møtes me 19.30 på Hopsdal for trening.

  5. ReidarL Says:

    Godt nytt. Får håpe på litt varige treningsforhold i Hopsdalen framover. Laga meg ei sløyfe opp i beitet på ca 800 m, berre for å få litt ski-feeling. Villsauene fekk klar beskjed om å ikkje trakke i sporet. Om det var mangel på respekt for matfar, eller om instruksen vart ei for sterk intellektuell utfordring for smalahova, veit eg ikkje. Uansett, Hopsdalen frå no av….

  6. audun ryland Says:

    Kortid starter trening for barn/ ungdom?

  7. Nordhordland Skiklubb Says:

    Hei Audun,
    Vi startar like over nyttår. Det er ikkje bestemt dag og tid, men det ligg an til tirsdag og torsdag i Hopsdalen. Onsdagar blir det lysløyperenn . Vi kjem tilbake med eksakt info når vi veit meir. :)

    Claus

  8. audun ryland Says:

    Takk for info Claus. Var oppe i hopsdalen 2.juledag, og må grattulere med utbedring av løypen, den vart fin. Gleder meg til et nytt år med forbedringer av teknikker, bedring av kondisjon og balanse. God jul og godt nytt år.

Legg igjen en kommentar