Nytt år og nye løyper

Flotte forhold på Gamlesætra gjorde at fleire fekk glede av skituren 1. nyttårsdag. Gunnar Stusdal hadde sytt for prepareringa og kunne by skivenner på glitrande langrennsløyper. Som kjend er traséen på Gamlesætra forholdsvis hard, men alle var skjønt einige om at den gjorde godt mot ribbefeittet etter late juledagar.

Klassikarane måtte ty til raudt klister (Rossa Special og Swix KR 60 ). Men utpå ettermiddagen fraus det på og glaserte spor krevde meir slitesterk smurning. Men for skistavar og stavtak derimot, blei det berre endå betre då kvikksølvet kraup under null.

Vi ynskjer alle skivenner godt nytt år og vel møtt i løypene !

2 tankar om “Nytt år og nye løyper”

  1. Søsio melder gode forhold på gullbotn 2.jan. Fiolett og universalklister.Gode forhold, men ver ytterst forsiktig når du skal ned langbakken fra toppen. Det er klinka is over kanten. På Totland – Frotveit er det visst lite snø.

  2. Flotte forhold i dag og på Gamlesetra! Relativt harde spor så ein måtte bruka isklister, eg brukte VM klister og multigrade.
    Har tenkt å ta treninga der inne i moro, men kor mange stiller ??? Gje gjedna ein kommentar om det her på sida så tar eg avgjerd i moro og legg det ut på sida vår. Alternativ kan vera golfbana med staketrening ?

    A.A

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *