Nh Skiklubb godt representert i Samnangerrennet

SAMNANGERRENNET :

Familen Færø stilte mannsterke då Samnanger IL arrangerte skirenn i friteknikk på Totræna Vinterpark laurdag. Nikolai Færø vann klasse Menn FH senior. Storebror Jo-Harald Færø gjorde også sine saker bra og tok fjerde plass i Menn Senior 10 km.  Einar Færø måtte finna seg i å konkurrera mot den yngre garde då herrane var samla i ein klasse. Einar skøyta inn til ein niande plass.

Magnus-Johan Færø (Gutar 16 ) var uheldig og mista trinsa på staven etter berre fem hundre meter. Løpet var øydelagt, men han fullførte og tok det heile som trening.

Resultatliste Samnangerrennet 2011

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *