IL Viljar arrangerte i helga kretsmeisterskap i Herresåsen på Voss. Lørdag var det individuelle konkurransar i klassisk og søndag var det stafett.
På Voss er det som regel flotte løyper noko det og var denne gang, men føret lørdag bydde på utfordringar. Når me kom var det voksføre og det vart lagt på skia, men så byrja det å regna og panikken breidte i klubbane. Rubbski vart tatt fram og dei som ikkje hadde det gjekk over til klister. Det vart tidspress for å nå starten med klargjorte ski, men dei aller fleste nådde den.
Nordhordland skiklubb hadde med 17 deltakarar lørdag og to stafettlag søndag. Individuelt tok Magnus Johan Færø ein sterk 3. plass i senior. Han var godt nøgd med rennet sjølv om skia var litt bakglatt på sisterunden. Ståle Leiren kom på 6. plass i den store seniorklassen som talde 30 løparar.
Martin Kvamme (bildet) gjorde eit svært godt renn og kom på 4. plass i M17. Det beste klassiskrennet eg har gått uttalte han etter målgang. Julie Øvretveit i J17 har god framgang og tar innpå dei andre tidsmessig i sin klasse.
Hermann Alvær i G14 var uheldig i dette rennet då han gjekk på trynet i ein bratt nedoverbakke og tapte mykje tid. Men det kjem stadig nye renn til å gjera det godt igjen. Kamilla Øvretveit har svært god framgang og kom på 7.plass i J14, og det er ikkje langt opp til 3.plassen .
Dei aller yngste gjorde alle ein framifrå innsats, spesielt må nevnast Maja Totlandsdal med 3. beste tid i J 9 år.
På søndag hadde me 2 lag, eit mix lag i 13-16 år med Kamilla Øvretveit, Herman Alvær og Storm Berg Leiren. God innsats av alle. I senior herrer hadde me Ståle Leiren, Martin Kvamme Kalnes og Kenneth Alvær. Ståle gjorde sine saker godt som vanleg og veksla som andre mann, Martin slapp berre ein løpar forbi og sendte Kenneth ut som tredje mann. Kenneth kjempa som godt han kunne, men måtte kom inn til ein sjette plass. Godt jobba !
Nordhordland skiklubb er nøgd med helga og ser fram til nye renn.
Onsdag neste veke arrangerer me sprintstafett i Brekkeløypa. 2 på kvart lag, 2 runder kvar.Fristil. Fin økt før KM til helga for dei som skal vera med der, men me ynskjer alle velkomne til å vera med. Dette skal vera gøy! Skriv i kommentarfeltet om du blir med og me gjer ei trekning på laga. Starten er kl 18.30.







