Knarvik IL arrangerer lysløyperenn onsdag 2. mars
ARENA: HOPSDAL
ALDERSGRENSE: 10 år og eldre.
PÅMELDING: kl. 18.00.
START: Kl. 19.00
STARTKONTIGENT: 50 kr.
STILART: Klassisk
Vel møtt!

Det var 92 startande då Vargar IL skipa til karusellrenn i Herresåsen på Voss søndag. Herman Alvær frå Nordhordland Skiklubb leverte eit godt skirenn og halverte nesten forspranget opp til teten målt mot resultatet forrige helg.
-Ja, eg er fornøgd. For ei veke sidan var eg 1 minutt bak han som var best i dag. I dag var eg 34 sekund etter. Eg kjente meg ganske bra og hadde gode ski. Det var veldig jamt i dag, så eg konkluderer med at dette var eit bra renn, oppsummerar Herman T. Alvær.
Lagkamerat Markus Hansen gjorde sine saker bra i 15-årsklassen og gjekk inn til 3. plass. Med til Voss var også Jarl Von Reibnitz som er nyinnmeld i Nordhordland Skiklubb .
– Jarl kom til Norge i september og er frå Tyskland. Han har begynt å gå på ski i år og går sinnsjukt fort for å vere nybegynnar, fortel Herman T. Alvær.
RESULTAT
Gutar 14 år 3 km (f. 2002)
Gutar 15 år 4 km (f.2001)
Smørjebom og lite trening på snø lyt ta noko av skulda for dei relativt svake resultata til Nordhordland Skiklubb i Vargarrennet søndag. På den grovkorna kunstsnøen i skianlegget i Herresåsen hamna Nordhordland Skiklubb sine løparar langt nede på resultatlistene, då 240 deltakarar fullførde Vargarrennet som gjekk i fristil.
– Me er nok for gnitne med fluoren i smørjekofferten i høve til konkurrentane, oppsummerar trenar og smørjesjef, Egil Øvretveit, som legg til at dei fleste av løparane ikkje har hatt ski på beina sidan treningssamlinga på Geilo i november på grunn av den milde vinteren.
Herman Alvær (bildet)som går i 14 årsklassen var ein av dei som ikkje var heilt nøgd med plasseringa i ein klasse der nivået er så høgt at alt må klaffa om ein skal hevda seg mellom dei aller beste.
– Eg gjekk ganske bra i første delen av løpet, men mot slutten var det ganske dårlege løyper og motvind. Men det var eit heilt greitt løp. Det kjem jo nye sjansar. Til helga igjen skal eg gå renn både på Geilo og Voss, seier han optimistisk.
Vargarrennet, Voss 03.01.2016 FRISTIL
Resultatliste
Plass Navn Klubb Tid Etter
G 8 år 1 km
11. Olav Leiren Nordhordland SK 07:45 03:10
Plass Navn Klubb Tid Etter
G 12 år 2 km
9. Endre Irgens Ottesen Nordhordland SK 07:05 01:41
Plass Navn Klubb Tid Etter
G 11 år 2 km
1 Asle Hammer Osterøy IL 05:43
9 Storm Leiren Nordhordland SK 06:34 00:51
Plass Navn Klubb Tid Etter
G 14 år 3 km
1 Torjus Klette Ørnar IL 07:22
12 Herman Toppe Alvær Nordhordland SK 08:24 01:02
Plass Navn Klubb Tid Etter
J 14 år 3 km
1 Maria Hydle Viljar IL/ Vossalangrenn 08:19
4 Kamilla Øvretveit Nordhordland SK 10:24 02:05
Plass Navn Klubb Tid Etter
K 17 år 5 km
1 Emma Skjoldli Bulken IL/ Vossalangrenn 13:46
6 Julie Øvretveit Nordhordland SK 17:00 03:14
Plass Navn Klubb Tid Etter
Menn senior 10 km
1 Torstein H. Dagestad Bulken IL 24:33
8 Ståle Leiren Nordhordland SK 27:21 02:48

«Ein danske på ski». Ja, du har sikkert høyrt det ertande uttrykket før.
Men tørk vekk fliret. Myten om at alle danskar er dårlege med ski på beina, har Rune Flyvholm avliva. Under «Strilarennet» på rulleski søndag, var han raskast av dei som gjekk 14 kilometeren og held elles godt følge med både ostringar og andre meir erfarne skiløparar «norom brunæ».
– I dag er det nøyaktig tre månader sidan eg gjekk min første tur på rulleski. Eg har gått 40 mil til no, men har framleis ein del å gå på teknisk. Eg er nyleg innmeldt i Nordhordland Skiklubb og ser fram til vinteren og renn på snø, fortel 27-åringen som til dagleg arbeider som yrkesdykkar på Sotra.
– Han er absolutt ein mann som kan gjera det godt i krins og turrenn om han tek nye tekniske framsteg i tida som kjem, smiler klubbleiar Atle Austrheim.
Nordhordland Skiklubb var elles godt nøgd med deltakinga som talde 15 løparar.


-Dei manglar enno litt fart og trøkk i fråsparket til å hengja med dei beste, men Viljarrennet var ein fin start på skisesongen for dei fem skiløparane som deltok for Nordhordland Skiklubb, oppsummerar trenar Kenneth Alvær.
Dei fem skiløparane som representerte Nordhordland Skiklubb på Voss i helga var Julie Øvretveit (16) , Martin Kvamme Kalnes (16), Erland Jordal (14), Erlend Kvamme Kalnes (14) og Herman Toppe Alvær(13).Sistnemde var den som imponerte mest i skisporet søndag, og skøyta dei tøffe 3 kilometerane i den velkjente NM-løypa på 12 minutt og 26 sekund. Det var over minuttet etter vinnaren, men tida held til ein fin 8.plass mellom dei 18 deltakarane som fullførte i 13 årsklassen. Til helga ventar nye sjansar for skientusiastane når Viking IF skipar til Vikingrennet i dei same løypene i Herresåsen på Voss.
Tekst og foto: Claus SellevollMedan katolikkane piska seg til blods i påskehelga, valte Atle Austrheim (53) å reinska sjel og lekam med ein tur rundt Nordhordland. For folk flest kan dette sikkert høyrast ut som ein koseleg påsketur. Heilt til ein får vite at transportmiddelet er rulleski og distansen er 95 kilometer, der småstein og dårleg asfalt på vegen gjer det livsfarleg på små gummihjul. Atle Austrheim blei utfordra skjærtorsdag, og han tok utfordringa. Det var ingen veg attende då facebookmeldingar og ”likes” tikka inn dagen før dagen.
Klokka viser 9:00, det er 2.påskedag og Atle Austrheim tek fatt på sitt livs lengste rulleskiløp. Med start frå Knarvik via Radøy held han jamn høg fart. Etter vel 40 km er han framme i Mastrevikane på Austrheim. Klokka viser 11.20 og han er godt føre eit skjema til ei tid under 6 timar. Etter ei kort kvilestund på bensinstasjonen og ein vel fortent matbit, set han så kursen frå Mastrevikane mot Mongstad og Lindås. Men på Vågseidet snaue tre mil unna målet, har det begynt å røyne på kreftene. Sjølv ikkje inntaket av raske karbohydratar klarar å bøta på det store energitapet han har hatt dei første 60 kilometerane. Han er på ”stålet”. Det verkjer i bein og armar. Etappen frå Hundvin til Isdalstø vert dermed ein beinhard kamp mot klokka og kilometerane. På Søreide er ikkje Atle Austrheim til å kjenna att. Han er bleik om nebbet og ser ut som ei vaggane gås, meir enn ein trent skiløpar der han dreg seg over dei seige asfaltflatane mellom idylliske bondegardar. Fleire gongar tek han av seg rulleskiene og går opp bakkane, bakkar som han vanlegvis forserer lett. På Kleivdal viser klokka 14:40. Han har brukt lang tid dei siste 20 kilometerane, og draumen om ei tid under seks timar renn no ut i sveitte og inn i blodige gnagsår. – Eg manglar blodomløp i beina, ropar han til lagkameraten. -Gi no faen i det. Kom deg opp på tåballane når du stakar. Då kjem det seg. Det er soseskjøt til middag. Kom igjen, oppmuntrar treningskompanjongen nådelaust. For Atle Austrheim handlar den siste mila berre om å koma seg til mål. Han hanglar seg forbi det gamle Meieriet på Seim, opp gamlevegen, og forbi Herland. På siste flaten mot Åse er han sluttkjørt, men det spelar ingen rolle. No går dei siste kilometerane i slakt unnarenn. Med sola i fjeset kan Atle Austrheim løfta hendene over hovudet i det han rullar over fortauet i Isdalkrysset. Vel vitande om at han har klart gjennomføringa av draumeturen på rulleski, Nordhordland rundt. 95 kilometer i klassisk stil. På sterke 6 timar og 15 minutt. Det let seg høyre. Nordhordland Skiklubb gratulerer hardhausen Atle Austrheim!