Alle innlegg av Nordhordland Skiklubb

Skarverennet

Fleire løparar frå Nordhordland Skiklubb valde å avslutte skisesongen med det tradisjonsrike Skarverennet laurdag 23. april. Som vanleg vart det 38 km lange rennet frå Finse til Ustaoset ein minneverdig sesongavslutning.

Det såg lenge ut som turen frå Finse til Ustaoset skulle verte ei stri tørn for deltakarane. I startområdet var det relativt sterk vind og småsurt. Det skulle likevel vise seg at desse bekymringane ikkje var berettiga, for det var stort sett strålande sol og fint føre heile vegen.

Av Nordhordland Skiklubb sine løparar var Magnus-Johan Færø den raskaste. Han gjekk eit av sine beste renn denne vinteren og kom i mål til tida 1.44.22. Med det vart han nummer 116 totalt i rennet og nummer 36 i klasse M21-25 år. Martin Kvamme Kalnes gjorde også sine saker bra. Han gjekk inn til tida 2.02.20, og vart nummer 371 totalt og nummer 71 i klasse M17-18 år. Julie Øvretveit viste også at ho er ein stayer i lange renn. Med gode 2.15.30 var berre totalt 106 kvinner raskare. Ho plasserte seg som nummer 34 i K17-18 år.

Elles deltok både Einar Færø, Egil Øvretveit, Per Thorgersen og Kenneth og Herman Alvær.

Skarverennet vart vunne av Toni Livers og Therese Johaug, med tidene 1.26.34 og 1.34.41. Over 12 000 deltakarar tok turen over fjellet.

Stor aktivitet på turrennfronten

Den siste veka har løparar frå Nordhordland Skiklubb delteke i fleire turrenn. I Birkebeinerrennet, 54 km mellom Rena og Lillehammer, stilte både Magnus-Johan Færø og Halfdan-Emil Færø til start. I dei tunge tilhøva kjempa dei seg inn til gode plasseringar. Magnus-Johan Færø kom inn på tida 3.02.50 og vart med det nummer 81 av 500 løparar i klassen, og nummer 261 mellom dei om lag 10 000 deltakarane totalt i rennet. Halfdan-Emil hadde ein tyngre dag på det utfordrande føret og kom inn til 3.13.21 og ein 71. plass blant dei 650 deltakarane i klassen og 532. plass totalt.

Skjærtorsdag var det familieduell blant fleire blad Færø i det 28 km lange Hemsedalsrennet. Rennet utvikla seg også til å bli ein duell mellom løparane som gjekk med feste og løparane som staka seg rundt heile løypa på blanke ski, for sjeldan har det vel vore like lite festesmurning i omløp på eit klassisk turrenn. Yngstemann Færø var ein del av stakarane, og vart raskast i familien med tida 1.15.34. Halfdan-Emil slo tilbake med eit betre løp enn i Birken, sjølv om det kan sjå ut til at diagonalgangen, teknikken han likar best, ser ut til å synge på siste verset i konkurransesamanheng. Han kom inn to minutt bak Magnus-Johan. Jo-Harald sikra seg ein andreplass i klassen med tida 1.24.57, og eldstemann, Einar, vart nummer tre i sin klasse med 1.32.21.

Pål Golberg frå skilandslaget vann elles rennet på tida 1.06.38 etter ein spurtduell med briten Andrew Musgrave. Sondre Turvoll Fossli frå sprintlandslaget vart nummer tre. IMG_1550

Herresåsen rundt

Nordhordland Skiklubb hadde fleire løparar på start då turrennet Herresåsen rundt gjekk av stabelen sundag 28. februar.

Strålande sol og flott vintervêr skapte fine rammer rundt det 29 km lange rennet i terrenget rundt Voss Ski- og tursenter. Deltakarane frå Nordhordland Skiklubb leverte også mange fine prestasjonar.

Magnus-Johan Færø var raskast av dei lokale i den lengste løypa og staka på blanke ski inn til tida 1.29.42. Han vann med det klasse M21-25 år og vart nummer 5 totalt. I same klasse gjekk eldre bror Halfdan-Emil Færø inn som nummer 2 med tida 1.34.19. Han vart nummer 8 totalt etter ein hard kamp mot mellom anna velkjende Gudmund Skjeldal.

Martin Kvamme Kalnes vart nummer fire i M17-18 år med tida 1.41.04. Ikkje lenge etter kom Kenneth Alvær inn til 3. plass i M51-55 år etter eit fint løp.

Elles deltok både Gunnar og Asbjørn Eidsheim frå skiklubben.

Også i dei yngre klassane hadde Nordhordland fleire deltakarar med. Desse gjekk 7,5 kilometer. Erlend Kvamme Kalnes gjorde eit godt løp og vart nummer 3 i M15-16. Med tida 35.22 var han berre 2 minutt bak sigeren. I same klasse vart Jarl Von Reibnitz nummer 4. Herman Alvær, som forrige helg gjorde to gode løp under Ungdommens Holmenkollrenn i Oslo, viser stadig framgang og vart nummer 2 i klasse M13-14 med tida 35.29. Det ser med andre ord ut som at det jamne nivået blant ungdommane i klubben fører til framgang for alle saman. Med lovande vêrmeldinger framover ser det ut til at det vert gode moglegheiter for trening på snø og vidare utvikling også i siste del av skisesongen.

Høgdepunkta står elles i kø for dei lokale skiløparane dei neste vekene. Nordhordlandsmeisterskapen på Gamlesætra og Norgescup på Lygna står mellom anna for tur allereie neste helg.

Bergensrennet

Nordhordland Skiklubb hadde fleire løparar på start i Bergensrennet laurdag 20. februar. Turrennet, som i år vart arrangert for 18. gong, er Hordalands einaste bedriftsrenn på ski og går over 18 km på Kvamskogen. Arrangør Bergen Engines sytte for fine rammer rundt rennet, sjølv om vêrgudene ikkje var i sitt beste humør og skapte vanskar for dei som ikkje hadde rubbski tilgjengeleg.

Magnus-Johan Færø droppa festesmurninga og staka seg rundt dei tre rundene til klar siger på tida 1.00.24. Debuten med blanke ski i eit klassiskrenn vart med det ei positiv erfaring. Birger Rye frå Fana IL og Brigt Strømmen frå Il Fri kom inn på delt andreplass med tida 1.06.35.

Martin Kvamme Kalnes var nest best av dei lokale skiløparane. Han vart nummer 6 på tida 1.08.56.

Julie Øvretveit vart nummer 3 i dameklassen med tida 1.20.29.

Einar Færø, Atle Austrheim og Inge Hatlebrekke deltok også for Nordhordland Skiklubb. Eldstemann Færø fekk klabbar under skia og påstod at han på eit tidspunkt ikkje nådde nedi med stavane. Heller ikkje Atle Austrheim hadde gode ski, men begge to fullførte i fin stil.

Resultat kjem.

IMG_3416

Sjå dei enorme naturkreftene i sving

12695136_10153775192671259_762399095_oNordhordland skiklubb henta inn forsterkingar for å få bukt med den enorme rota som hadde kvelva over stien på toppen av Isdalfjellet.

Tre enorme grantre hadde kvelva etter stormen «Tor» og resultatet var ei fire meter høg rotvelt midt over stien.

– Rota hadde brote opp stien, og det var ikkje trygt for folk å ferdast forbi rotvelta, som mellom anna innheldt store kampesteinar som hadde vikla seg inn i røtene, fortel Claus Sellevoll. Han tok turen opp tidlegare i veka, og markerte rundt rotvelta, slik at folk vart leia rundt rota, og inn på stien lengre nede.

Ikkje til å spøkast med

Rotvelt er ikkje til å spøkast med, så Sellevoll henta inn forsterkingar for å rydda slik at stien, som er ein del av løypa til Knarvik Xtrem, vart trygg for ferdsel att.

–  Slike røt kan ha sterke krefter i seg, slik at når ein kappar trea, og vekta som held rota oppe forsvinn, vert enorme krefter sett i sving når rota vert fri, fortel Sellevoll. Han fekk difor med seg ein røynd skogsryddar, Sigve Eldøy, som mellom anna har rydda skog for BKK sine linjer.

Fleire tonn

Med motorsag, talje og vaierar gjekk dei to laus på oppgåva.

– Vi sikra det eine treet som hadde kvelva ved å binda det fast med ein sterk wire, og på den måten vart det trygt å kappa det siste treet, fortel Eldøy. Skiklubben sikra seg film av arbeidet, der ein ser enorme naturkrefter i sving i det den fleire tonn tunge rota fell på plass, og stien ligg att som før.

Tryggleik i fokus

– Det er viktig med tryggleik når ein skal utføra slikt arbeid, og i skiklubben er vi glad for at vi har både dugnadsvilje og dyktige fagfolk på ulike felt, som kan bistå i dugnadsarbeidet, seier Claus Sellevoll. Han legg til at Skiklubben sine folk er ute heile året for å rydda løyper og halda dei i stand.

– Eg er ikkje sikker på om folk veit kor mykje arbeid vi legg ned kvart år i å rydda stiar og løyper, men for oss er gevinsten at folk kjem seg ut og kan nytta løypene, seier Sellevoll.

Thorleif Haugs Minneløp

Nordhordland Skiklubb var representert i Thorleif Haugs minneløp, også kalla Hauern, sundag 7. februar. Hauern er eit tradisjonsrikt turrenn like utanfor Drammen som har vore arrangert sidan 1966 til minne for skilegenden Thorleif Haug. På grunn av mildvêr i Drammensmarka vart delar av rennet i år flytta til ein alternativ trasè, og forkorta frå 45 til 42 km.

Trass til dels tunge og utfordrande tilhøve leverte løparane frå Nordhordland Skiklubb gode renn. Magnus-Johan Færø var raskast og kom i mål på tida 2.12.47, noko som heldt til ein 7. plass mellom dei 20 deltakarane i Menn 21-25 år og ein 15. plass totalt mellom dei 376 deltakarane i rennet. Han fekk med det ei god og lang gjennomkjøring før Birkebeinerrennet seinare i vinter. Ståle Leiren fullførte rennet på tida 2.19.10, og kom med det på 2. plass blant 12 deltakarar i Menn 41-45 år. Med den tida vart han nr. 31 totalt i rennet.

For Magnus-Johan Færø sin del ventar det fleire høgdepunkt på slutten av sesongen. Først ut er Norgescup på Lygna 6. mars, før Birkebeinerrennet går av stabelen 19. mars og seinare NM del 2 på Beitostølen dei første dagane i april.

IMG_3387

Gaurhovdrennet

Tre blad Færø stilte til start i det 25 km lange Gaurhovdrennet på Liatoppen i helga. Både Einar, Halfdan-Emil og Magnus-Johan leverte fine løp. Yngstemann var raskast med tida 1.10.00, noko som holdt til tredjeplass i klassen. Halfdan-Emil viser stigande form til birken, og vart også nummer tre i sin klasse med tida 1.11.15. Einar gjekk inn til ein 4. plass i sin klasse med tida 1.24.47.

For underteikna sin del var dette første test etter Norgescupen på Nes forrige helg, og ei god økt å ha i banken til junior-nm om to veke. Neste helg står Ålrennet for tur, før eg tar turen til Hommelvik i Trøndelag for årets Noregsmeisterskap helga etter. Dessverre kolliderer dette med Nordhordlandsmeisterskapen.

Ribberennet

I dag gjekk Ribberennet av stabelen på Liatoppen i Ål. Nordhordland Skiklubb var representert med to løparar; underteikna og Halfdan-Emil Færø. Eg gjorde nok sesongens beste løp til no, og kom inn til ein 8. plass av 20 løparar i klasse M19/20 år på 10 km skøyting. Kroppen fungerte bra, noko som lovar godt fram mot Norgescupen på Lygna om tre veker. Halfdan-Emil fullførte også på ein fin måte. Han deltok i ein knallsterk seniorklasse, der vinnaren var ingen ringare enn landslagsløpar Pål Golberg. Halfdan har prioritert løping dei siste åra, og har ikkje hatt mange mil på ski før dette rennet. Ein bruddskade i foten har derimot tvinga han til å trene alternativt, og då er skigåing bra.

Skirenn

 

Magnus-Johan Færø