ISDALFJELLET: Nordhordland Skiklubb er godt i gong med oppryddinga etter at ekstremværet «Tor» feide inn over Vestlandet i forrige måned. Det meste av ryddearbeidet går greit for dugnadsgjengen, men i skogen på Isdalfjellet ligg det ei diger rotvelte tvers over Knarvik Xtrem-traséen. Til denne operasjonen har Nordhordland Skiklubb planer om å ha med fagfolk slik at dei stormfelte trea vert fjerna på ein forsvarleg måte. Fram til skiklubben har fått rydda vekk rotvelta, er det merka ein mellombels sti inn i skogen, slik at folk kan ferdast trygt forbi «Isdaltrollet».
Alle innlegg av Nordhordland Skiklubb
Stafettsuksess i Brekkeløypa
Ti kuldegrader og stjernehimmel var det som venta våre lokale langrennsentusiastar, då Nordhordland Skiklubb på kort varsel skipa til sprintstafett i Brekkeløypa onsdag kveld. Rennet gjekk i fristil, og med 36 deltakarar på startstreken, vart det stor trafikk og høg fart, både for unge og vaksne i flomlyset rundt den 1,7 km lange aktivitetsløypa.
RESULTAT
11-14 år 1,7 km ( 1 runde )
Edvard Smedsdal – Dennis Kvamme 9.44
Jonas Vågenes – Maja Totlandsdal 7.32
Olav Berg Leiren – Viljar Berg Leiren 14.55
Benjamin Eidsheim – fullført
11-14 år 3,4 km ( 2 rundar )
- Herman Alvær – Storm Berg Leiren 11.03
- Lars Teigland – Kamilla Øvretveit 11.57
- Erlend Kvamme Kalnes – Emil Angelskår 12.00
- Jarl von Reibnitz – Oscar Kvamme 13.15
- Marcus Veland Hansen – Colin Totland 15.13
Sverre Espetvedt – fullført
Senior 6,8 km ( 4 rundar )
- Atle Austrheim – Claus Sellevoll – 20.40
- Espen Olsvik – Rune Flyvholm 22.14
- Kenneth Alvær – Trond Austrheim 22.20
- Inge Hatlebrekke – Gisle Clementsen 22.28
- Arild Myhr – Kai Olav Kvamme 22.35
- Egil Øvretveit – Jonny Totlandsdal 22.55
- Ståle Leiren – Alf Haugland 23.07
- Knut Espetvedt – Ludvig Kvamme 24.14
- Yngve Kversøy – Marianne Berg Leiren 29.05
Knarvik Xtrem på NRK Hordaland
-Satsar på ny pers
Tekst Morten Sæle, Nh
Onsdag 26. august er det igjen klart for milløpet Knarvik Xtrem, som går i terrenget mellom Knarvik og Aase. Avisa Nordhordland presenterer i tida framover nokre av profilane som kjem til løpet. Eli Anne Dvergsdal går for ny pers.
Ambisjonar for årets løp:
– Eg håpar å gjera det litt betre enn i fjor, målet mitt er å perse, seier Dvergsdal.
Tankar om løypa:
– Løypa er utruleg fin. Deltakinga i fjor var mitt første terrengløp som ikkje var i motbakke. Det er masse ulikt terreng, med både oppover, nedover og flatar, det likte eg veldig godt, seier ho.
Opplading i år:
– Det har stort sett gått i motbakkeløping, eg har mellom anna delteke i Norgescupen. Så har eg vore med i EM, og på Skyrace i Dolomittene.
Kva vekte løpeinteressa:
– Ja, sei det. Eg har alltid likt å vera i aktivitet, og har alltid gått masse på fjellet. Eg synest det er kjekt å ta nye rekordar, og heile tida prøva å gjera det betre og betre for kvar gong, seier ho.
Neste store mål:
– Hovudmålet er eigentleg NM denne helga, men eg har nettopp hatt influensa, så vi får sjå korleis det går. Elles er det Skåla opp den 15. august som eg ser fram til.
Treningstid:
– Det er sjølvsagt litt mindre no i konkurranseperioden enn elles, eg ligg på mellom 20–30 timar i veka. Eg har eit treningsopplegg, elles tar eg det litt sånn som det som passar, og etter kva eg synest er kjekt. Om det er fint ver likar eg å springa over fjellet, seier Dvergsdal.
Noregsmeister til Knarvik Xtrem
Det er duka for fartsfest i terrenget når dei beste fjelløparane i landet stiller til start i Knarvik Xtrem onsdag 26. august. Norsk meister i motbakkeløp frå 2014, Stian Hovind Angermund er klar for sin debut i Knarvik Xtrem. Den meritterte terrengløparen er årets Spar Ess i xtrem-kortstokken. I Avisa Nordhordland kan du lesa intervjuet med supermannen som elskar å springa i naturen.
Børge Sellevoll nr 6 i Hornindal Rundt
Børge Sellevoll (til venstre) smelte til med ein knallsterk 6. plass då han debuterte som ultraløper i Norges hardaste fjelløp, Hornindal Rundt laurdag. Langløpet som går i eit flott skog og fjellterreng er 75 km langt og har ei total stigning på 5600 meter.
Sellevoll disponerte løpet perfekt og opna relativt forsiktig og plasserte seg som nummer 30 halvvegs. Men med gode bein, spesielt i bakkane, var det berre å gje bånn pedal i siste halvdel. Sellevoll kom til slutt i mål på 11 timar, 34 minutt og 16 sekund. Det held til ein 5. plass mellom herrane og ein 6.plass totalt.
-Mitt livs løp, seier ein smørblid Børge Sellevoll på sms til Nordhordland Skiklubb.
OM HORNINDAL RUNDT:
Hornindal Rundt er eit fjelløp og ultraløp som går i eit flott skog og fjellterreng i Hornindal kommune. Løpet er 75 km langt, har ei total stigning på 5 600 meter og passar for trena mosjonistar så vel som erfarne maraton- og ultraløparar. Utan om ein matstasjon halvvegs i løpet vert det lagt opp til at løparane er sjølvforsynte. Løparane må innom 20 bemanna og ubemanna postar under løpet. Postane ligg rundt om i fjellandskapet i heile Hornindal. Løypa går frå lågland til fjelltopp, ned til setrar, opp på toppar og ned igjen. Løypetid ligg mellom 10 og 30 timar.
Knarvik Xtrem 26. august

26. august smell Lothepus i gong Knarvik Xtrem.
Meld deg på her: https://registrering.eqtiming.no/?EventUID=15280
Les om Xtrem-kongen Thorbjørn Ludvigsen
Asfalt i Brekkeløypa-skiklubben jublar
Snart slepp skiløparane å gå på dårlege vegar. Nordhordland Skiklubb og Knarvikmila har no fått pengar av eit lokalt foretak til å finansiere asfalt i Brekkeløypa. Me ser for oss å utvida breidden på løypa slik at den gjer plass til både ski -og turgåarar.
– Utan desse pengene ville me ikkje fått realisert ei rulleskiløype med det første, men no håpar me å ta i bruk Brekkeløypa alt frå august. Etter alle solemerkjer kan me leggja asfalt like over sommerferien, seier leiar i Nordhordland Skiklubb, Atle Austrheim.
Klubben manglar framleis 370.000 kroner for å få løypa helt ferdigstilt.
– Eg føler me har god kontroll på det økonomiske, og me skal jobba hardt for å få på plass den endelege finansieringa, seier Atle Austrheim
På vinterstid vil ei slik løype kunne preparerast med kunstsnø i periodar med lite snø. Snøkanon er eit eige prosjekt som etter planen skal vera ferdigstilt i 2016.
For å få heilårs bruk er vi avhengig av lys og dermed blir det også satt opp ein del nye lysstolpar langs den nye løypa.
Rulleski, standplass og rullebrettrampe
Det er komt fleire innspel om tilrettelegging av aktivitetar i området i samband med dette prosjektet, og eit av dei vil me sjå nærare på er ein standplass for skiskyting.
Kor raskt me får realisert desse planane er i hovudsak avhengig av finansiering og velvilje frå grunneigarane i området. Dei gode erfaringane vi har frå tidlegare prosjekt gjer at me er svært positive til at vi skal kunne få til eit nytt, flott anlegg i løpet av eit par års tid.
Totalt koster rulleskiløypa om lag 850 000 kroner. Ifølge Austrheim er grunnarbeid og asfaltereng av både løype og rullebrettrampe inkludert i dette. Løypa vil vere cirka 1700 meter lang, mens området til rampen, som også skal asfalterast, blir mellom 300 og 400 kvadratmeter stor.
– Det er i første omgang ei kort løype, som blir en fin boltreplass for rulleski. Nordhordland Skiklubb har også planer om ei lengre rulleskiløype med tid og stunder, noko som må på plass før dei kan ha konkurransar der på sommerhalvåret.
– Løypa er viktig for heile regionen vår – spesielt i forhold til trafikksikkerheiten. Dette blir ein flott arena kor ungane kan halde på med leik, utan bilar og andre farar.
– Det går ikkje eit år utan at det skjer tragiske ulykker på rulleski, derfor vil me jobba vidare med å få gode forhold til rulleski i eigne løyper, forklarar Atle Austrheim.
Fotballdamer stiller i Knarvik Xtrem-stafetten
STILLER I STAFETTEN 20 AUGUST: Dette året vert Knarvik Xtrem óg arrangert som stafett. Her ser me fire femdelar av det første damelaget som har meldt seg på. Frå venstre Sonja Isdal, Trude Morken Carlsen, Lisbeth Alvær og Sigrun Tjore.
Reigstad-brørne i Reigstad Bygg og Eigedom AS satsar på å bli raskaste byggefirma i Xtrem-løpet. Dei fire brørne i firmaet, Kjell, Geir, Rolf og Håkon, får med seg lærlingen Glenn Nepstad og utfordrar hermed andre verksemder til å gjera det same; stilla stafettlag i Knarvik Xtrem den 20.august.
Klarar du å skava 10 staur?
Nordhordland Skiklubb utfordrar medlemmer og idrettsvener til å skava/spikka 10 stk staur på ca 2,5 meter. Stauren skal me mala og vil koma dei yngste til gode når me skipar til Xtrem-stafett for barn den 20. august (Knarvik Xtrem).
Stauren vert å leggja bak Knarvik Xtrem-skiltet like nord for Juvikstølen barnehage.
Frist innan 4.juni.


