Alle innlegg av Rune Minde

Sterke resultat i Skarverennet 2013

Lørdag 20. april gjekk det 40. Skarverennet av stabelen. Elleve deltakarar frå Nordhordland Skiklubb var med og sette sitt preg på rennet, fordelt på seks i konkurranseklassen og fem i trimklassen. Det var gode spor, lett medvind og etterkvart meir og meir sol. Så dei omlag 12.000 deltakarane fekk ei flott oppleving i høgfjellet.

Sterkast var nok ein gong Claus Sellevoll som skøyta dei 38 kilometerane på raske 1 time, 33 minutt og 42 sekund. Det held til 2.plass bak Frode Andresen i klasse Menn 36-40 år, og 46. plass totalt, knappe 13 minutt etter vinnaren Martin Johnsrud Sundby(1,20,44). I tillegg greidde Magnus-Johan Færø (1,52,48), Børge Sellevoll (1,57,23) og Einar Færø (1,59,10) alle å knipa seg under 2 timar. Imponerande. Inge Hatlebrekke kom i mål på 2,07,02 og Rune Minde på 2,16,59. Flott innsats.

For dei fem i trimklassen var nok ikkje tida det mest avgjerande, men uansett utgjorde Skarverennet eit fint punktum for ein aktiv og god sesong for Nordhordland Skiklubb.

Resultat Nordhordland Skiklubb

Resultat Skarverennet

Strilen

Nordhordland

22 frå Nordhordland skiklubb stiller i Birken

Årets høgdepunkt for mange i skiklubben går av stabelen i morgon, lørdag 16.mars. Då skal kreftene røynast i dei 54 km lange Birkebeinerrennet frå Rena i Østerdalen til OL arenaen på Lillehammer.

Det er i år rekordmange frå Nordhordland skiklubb som stiller til start i Birken, heile 22 stk. Tre familiar stiller med fleire deltakarar. Sterkast stiller nok fam. Stussdal, som har heile 5 til start. Men og brørdrene Trond og Atle Austrheim skal måla krefter mot kvarandre, og det siste brødreparet er Claus og Børge Sellevoll, der begge viste sterke resultat i Vasaloppet nyleg.

Det er meldt om flotte løypeforhold i år og gode vær og føreprognosar: minus 5 – 10 grader heile traseen. Det einaste vesle usikkerhetsmomentet er at det kan koma litt nysnø i løpet av natta fram til start.

Dei som vil følga passeringstidene på den enkelte løpar kan gjera det ved å gå inn på www.birkebener.no og klikka seg vidare på resultatservice. Skiklubben vil og leggja ut resultat så snart desse er klare.

Reportasje i Dagens næringsliv

Slik ble komikeren klar for Birken – Åsane Tidende 15 mars

 

Sunde suveren i Vikingrennet

Sterk innsats av Nordhordland Skiklubb i Vikingrennet

I strålande sol og nokre få minusgrader gjekk Vikingrennet 2013 av stabelen på Sjusete i Øystese. Rennet gjekk i klassisk stil. På det raske føret var det ingen som kunne hamla opp med Sindre Sunde frå Nordhordland Skiklubb. Han gjorde dei 10 km unna på 26 minutt og 56 sekund, vel eitt minutt framfor nummer to, ein annan nordhordlending, Johnny Mostraum frå Osterøy IL. Bjørnar Stusdal, som har satsa mest på skøyting i år, kom på ein fin fjerde plass, med tida 29:23.

Det er tydeleg at det blir lagt merke til Nordhordland i skimiljøet for tida:  ”Dere er blitt mange fra Nordhordland Skiklubb ” , var kommentaren frå sekretariatet under påmeldinga.

Andre på resultatlista frå Nordhordland Skiklubb:  10. Plass: Trond Austrheim  (32:13), 15. Plass: Atle Austrheim (33:28) og 17. Plass: Rune Minde (34:07).

Strilen

RESULTAT

Tistel og Sellevoll klar for Vasaloppet

Vidar Tistel, Risnes IL og Claus Sellevoll , Nh Skiklubb står begge på startstreken når det 90 km lange Vasaloppet går av stabelen 4. mars 2012.
Dei melder om strålande sol og flotte løyper etter å ha testet ski og smurning dagen før dagen.

Vinden har gjort at bark, furunåler og granbar har blåst inn i skiløypene. Mykje «bøss» i sporet heng saman med at det dei siste døgera har vore vindfullt i traktene mellom Sälen og Mora. På dagtid har det vore målt 10 varmegrader enkelte stader . Og sporsetjing i ”slush” med nattefrost ned mot 15 kuldegrader gjev ganske enkelte steinharde skispor. Me ynskjer dei begge lukke til og kjem tilbake med fyldigare rapport og resultatlister etter rennet

PS !

Claus «Wassberg» har fått startnummer 100 og har klokketru på at det skal gi han gratis mat og drikke !

Rekordtiden i Vasaloppet er på 3 timer 38 minutter og 57 sekund, satt av Peter Göransson i 1998.

Åsane Tidende Side 68  og Åsane Tidende Side 69        ÅT

Les om Vasaloppet i nh  …. og Strilen

Sjå Vasaloppet 2012

Ny strålande KM-dag i Ulvik

Det var lettskya, godt skiføre og flott vintervær då andre dag av KM i fristil vart skipa til i Ulvik søndag. Brødrene Erlend K Kalnes (11) og Martin K. Kalnes (13) gjekk kjempegode skirenn. Fleire av dei yngste klassane hadde over 30 deltakarar så det mangla ikkje på konkurrentar. Begge var strålande fornøgd med eigen innsats og synes at både teknikk og kondis har blitt mykje betre sidan starten av skisesongen. Sjølv om vossingane har eit forsprang enno, veit både Martin og Erlend kva som skal til for å redusera forspranget.
– Meir trening og fleire skiturar, men eg er kjempefornøgd med løpet mitt eg , seier Erlend. -Ja, eg óg , seier Martin
Erlend som går i 11-årsklassen gjekk 2,5 km og skøyta inn til 24.plass i sin klasse på tida 10.34 . Martin går i 13- årsklassen og gjekk 3,5 km på tida 14,08 og kom inn til 17.plass.
Martin Kvamme Kalnes kunne også lesa framgangen sin svart på kvitt. Martin gjekk nemleg 3 kilometeren i Hopsdalen på rundt femten minuttar i skikarusellen onsdag, mens han søndag skøyta 3,5 km på 14 minuttar i Ulvik. Når ein legg til at det var eit tråare føre og ei endå meir krevjande skiløype i Ulvik, er det all grunn til la seg imponera av framgangen og innsatsen til Martin søndag.
Med seg i Ulvik hadde gutane også ein god heiagjeng og eit godt støtteapparat i mamma Linda, vetlesøster Emma og bestmor Oddny og bestefar Ludvig Kvamme.

Bjørnar og Claus utgjorde dei to siste i Nh Skiklubb-kvartetten. Dei gjekk 15 km i friteknikk og gjekk begge svært gode skøyterenn. Bjørnar var skikkeleg tent før start og syntes han gjekk eit langt betre skirenn søndag enn på klassisken dagen før. Bjørnar kom i mål på tida 50.25 og fekk med det ein 4 . plass i klasse Menn senior. Claus Sellevoll blei klokka inn på tida 43,32 og vart også søndag kretsmester i klasse 36-40 . Tida til Sellevoll held også til nest beste tid og KM-Sølv mellom seniorane frå 21 år og eldre.
Magnus Johan Færø frå Eikanger IL gjekk også 15 km friteknikk og skøyta inn til KM sølv i klasse M-17 år. Magnus Johan kom i mål på tida 48.23.

 

MENN SENIOR (21 år og eldre )
1.    Nils Magnus Bøen Grave, IL Korlevoll – Odda     41:35
2.    Claus Sellevoll , Nordhordland Skiklubb               43:32
3.    Odd Ivar Medhus, Røldal IL
                                  44:14
——-
7.  Bjørnar Stusdal Nordhordland Skiklubb                50:25

Les artikkel i Strilen…

RESULTAT

Suksess i KM

Tekst: Rune Minde ,  Foto: Linda Kvamme

Nordhordland skiklubb gratulerer dei to løparane som deltok under KM – klassisk i Ulvik lørdag 11. Februar. Claus slo til og blei kretsmeister i klasse 36 – 40 og Bjørnar Stusdal tok ein fin tredjeplass I klasse menn senior.
Mest imponerande var nok tida til Claus. Han la bak seg dei 10 km. i snødrevet på imponerande 30,13, den tredje beste tida uansett klasse. Han var berre vel eit minutt etter nr. ein og to, Nils Magnus Bøen Grave og Vebjørn Turtveit. Begge desse er unge lovande løparar på nasjonalt topp-plan. Nivået i toppen innan langrenn er i dag svært høgt og både Claus og Bjørnar har all grunn til å vera nøgde med prestasjonane, noko dei og er, ifølge rapportane.
Claus møtte og på gamle kjenningar langs løypa:
– Det er snart tjue år sidan sist eg gjekk skirenn her på Drevtjørn i Ulvik og då var det jo ekstra morsomt at min dåverande trenar, i dag lærar og trenar for skigymnaset på Voss, stod på same sekunderingsposten som i 1993 og gaulte meldingar til meg”.
Bjørnar Stusdal fekk og vesentleg større fart på skiene enn under NM stafetten for fjorten dagar sidan:

– Er i grunn fornøgd med rennet sjølv om eg enno ikkje heldt farten heilt inn.

Under er resultatliste TOPP 5 på 10 kilometeren:

1. Nils Magnus Bøen Grave,  IL Korlevoll – Odda           28:55

2. Vebjørn Turtveit , Voss IL/ Vossalangrenn                  29:04

3. Claus Sellevoll,   Nordhordland Skiklubb                    30:13

4. Einar Trefall,  Eskingedalen Modalen                         30:27

5. Nikolai Hanevik , Bulken IL                                          30:49

—

25. Bjørnar Stusdal,  Nordhordland Skiklubb           35:01

 

Det var i alt 256 deltakarar med i KM langrenn klassiske distansar.

Vi kjem tilbake med rapport frå søndagens renn seinare !

Les artikkel i Nh her …

 

RESULTATLISTE

Stril versus bymann i Fanarennet

Sjusete viste seg frå si aller beste side denne søndagen med eit eventyrføre; nokre minusgrader, sol frå klar himmel, nysnø og ei perfekt preparert løype. Draumedag for dei som elskar ski og mjølkesyre.

Nordhordland Skiklubb hadde med tre unge og lovande skiløparar i dei aldersbestemte klassane. Og Andreas Nergård (1 km), Martin Engelsen Markussen (1 km) og Erlend Kvamme Kalnes (2 km) gjekk alle fort på Sjusete søndag. Trass lite trening på snø viste dei stor framgang berre frå forrige helg. – dette er gøyt og det gjekk fort. Det begynner å bli gøy med klassisk, men eg likar fortsatt best å skøyte, seier Erlend som vi ser i flott diagonalgang på biletet her.

I seniorklassen vart det ein skikkeleg kamp mellom bymann og stril i Fanarennet søndag 22. januar. Rennet var i klassisk stil med fellesstart og var flytta frå Totland til Sjusete i Øystese/Nordheimsund. Løparane gjekk to 5 km. sløyfer i ei krevjande løype. Claus Sellevoll gjekk litt roleg ut og måtte tetta ei luke til teten etter nokre km. Men opp bakkane mot passering fem kilometer var han på høgde med teten. I den siste bakken før målområdet rykka Claus frå og gjekk i mål 20 sekund føre andremann. Vi gratulerer Claus med førsteplassen!

Nordhordland skiklubb var elles representerte med fleire løparar. Jo-Harald Færø kom i mål til ein 8.plass, 53 sekunder føre Bjørnar Stusdal som vart nummer 11. Bak dei kjempa brørne Austrheim ein hard kamp seg imellom. Trond var revansjesugen etter knall og fall i Herresåsen førre helg og viste til sist storebroren ryggen. I går spurtslo han Atle med 2 sekund.

For dei som ikkje hadde det like travalt kunne ein nyta trær med opp til halvmeteren med snø på og utsikt til Hardangerfjorden og Folgefonna frå øvste del av anlegget. Garden til mannen som preparerer løypene ligg like ved anlegget og er avbilda på Tine mjølk sine kartongar for tida.

Tekst: Rune Minde, Nh Skiklubb

Video

Reportasje i Nordhordland…

strilen-20120126_side16

strilen-20120126_side17

strilen-20120126_side18

strilen-20120126_side18-nm-stafett

RESULTAT