Skisesongen kunne neppe fått ein betre avslutning då Gamlesætra skicup og Strilarennet vart skipa til i strålande sol palmesøndag. 81 deltakarar fann vegen til skianlegget i Romarheimsdalen der tørr snø og velpreparerte skiløyper gav både små og store det som må kunne karakteriserast som drøymeforhold.

Dei yngste klassane deltok i det 4. rennet i skicupen og alle med minst 3 deltakingar fekk tildelt pokal under premiesermonien.

I Strilarennet var ikkje deltakinga like imponerande, men dei tolv deltakarane som stilte til start i konkurranse -og trimklassen, fekk i alle fall køyrt seg i den relativt tøffe 18-kilometeren, der løparane gjekk ei 4,5 kilometer sløyfe 4 gongar.

RESULTAT Gamlesætra skicup renn 4

RESULTAT Strilarennet

Strilen 26.mars  Sporten

Nordhordland 27.mars

 

Eikanger IL og Nordhordland Skiklubb avsluttar skisesongen med Gamlesætra Skicup og Strilarennet på Gamlesætra søndag 24. mars.

Strilarennet er klassifisert som eit turrenn, og alle er invitert til å vera med, uansett alder og kapasitet. Det som skil turrennet frå andre konkurransar er at ein må vera fylt 16 år for å få gå på tid. Alle under 16 går utan tidtaking. Dette kan sjølvsagt dei over 16 velja å gjera også. Det vert fellesstart, og stilarten er som alltid klassisk.

Begge skirenna vert skipa til i skianlegget på Gamlesætra. Skiforholda der har vore flotte den siste tida og oppslutnaden på Nordhordlandmeisterskapen for to veker sidan viser at fleire har fått opp augene for skisporten, både nybyrjarar og gamle travarar. Rennstart for Strilarennet på søndag er klokka 13.30 med påmelding frå kl 11:00-12:00. Vêrvarselet for helga seier sol frå klar himmel; strålande påskevêr med andre ord.

Distansane på Gamlesætra Skicup er dei same som tidlegare i vinter, medan deltakarane på Strilarennet skal gjennom ei 4,5 km sløyfe 4 gongar, slik at den totale strekninga vert på 18 kilometer. Men me vil vera fleksible på distansen. Om nokon i trimklassane ikkje ønskjer å gå 4 rundar går det heilt fint.

STRILARENNET:

ARENA: Gamlesætra, Romarheim
ALDERSGRENSE: Alle klassar f.o.m 16 år. Trimlasse utan tid valfri distanse
PÅMELDING: kl. 11:00 – 12:00
START STRILARENNET : Kl. 13:30
STARTKONTINGENT: 50 kr.

GAMLESÆTRA SKICUP:

ARENA: Gamlesætra, Romarheim
ALDERSGRENSE: Alle klassar; barn og vaksne
PÅMELDING: kl. 11:00 – 12:00
START GAMLESÆTRA SKICUP : Kl. 12:30
STARTKONTINGENT: 50 kr.

Eikanger IL og Nordhordland Skiklubb ønskjer alle velkomen  !

 

Søndag 24. februar inviterer skigruppa i Eikanger til det 3. rennet i Gamlesætra Skicup.
ARENA: Gamlesætra, Romarheim
ALDERSGRENSE: Alle klassar; barn og vaksne
PÅMELDING: kl. 11:30 – 12:30
START: Kl. 13:00
STARTKONTINGENT: 50 kr.
Vel møtt !

Resultat Skicup 10.02.13

Resultat Skicup 24.02.13

avisa nh 27 feb

VANN KVAR SIN KLASSE: Jonas Dalland og Herman T. Alvær likar å trena, og gjekk skirenn både laurdag og søndag. Laurdag gjekk dei renn i Norheimsund, og søndag vann dei kvar sin klasse i skirennet på Gamlesætra

Les om Gamlesætra Skicup på sportsidene i Strilen side 14 og side 15

Avisa nordhordland

Resultat Skicup 20.01.13

 

Kuldegrader og snøtunge trær ga både unge og vaksne ein perfekt skidag då Eikanger IL arrangerte det første rennet i skicupen søndag.
– Me vart litt forsinka på grunn av etterpåmelding, men me kan ikkje godt jaga folk heimatt. Me lyt ta da so da kjem, seier rennleiar Gunnar Stusdal som alt i alt er godt nøgd med avviklinga av skirennet.
– Flott arrangement i supert vær, seier Øyvind Seljelid i ein kommentar på Nordhordland Skiklubb sine heimesider. Og det var i det heile tatt mange nøgde skiløparar i løypene søndag.

Kristan H. Asheim (184) frå Bjørn West skøyta 1,5 km på sterke sju minutt og femtifire sekund.

To år gamle Nathaniel Kittang (124) frå Knarvik IL gjekk 500 meter utan tid – og utan hanskar (!)

 

 

 

Resultat Skicup 22.januar 2012

Resultat Skicup 05 februar 2012

Resultat Skicup 19.02.12

«Herman og Kristian i hard duell……«

Det neste rennet vert arrangert første søndag i februar. Det er påmelding kl. 11.45 – 12.45 på alle renna.
Renn 2: 05.02.12
Renn 3: 19.02.12
Renn 4: 18.03.12
Mrk. Siste renn blir det også skileik og grilling!

 

Det vil bli arrangert skicup med 4 skirenn på Gamlesætra av Eikanger IL. Det er påmelding kl. 11.45 – 12.45 på alle de 4 rennene.

  1. Renn 1: 22.01.12
  2. Renn 2: 05.02.12
  3. Renn 3: 19.02.12
  4. Renn 4: 18.03.12

Siste renn blir det skileik og grilling! Møt opp dette blir et flott arrangement!

 Heile seksti skiglade born fullførte det tredje rennet i Guldbrandsøy Skicup søndag i det som må ha vore  årets snøbyge.

Arrangør Eikanger IL minnar om at det i siste rennet 27.mars ,vert  utdeling av pokal til alle som har delteke i minst 3 av 4 renn. Det er no 52 som har delteke på 2 eller 3 renn og som dermed har moglegheit for å vinna

Resultatliste_renn_3 Guldbrandsøyskicup

Eikanger IL rapporterer om godt oppmøte då det andre rennet i Guldbrandsøy Skicup blei arrangert søndag. Sekstiseks unge deltakarar stilte på startstreken, trass i guffent vêr med regnbyer. Løypeforholda var likevel svært gode.

Resultatliste renn 2 

Bilder frå rennet er publisert på GALLERIET

Søndag 6. februar er det klart for det andre rennet i Guldbrandsøy Skicup. Rennet vert arrangert på Gamlesætra (Romarheim) og startar kl 1300. Påmelding mellom kl 1145 og 1245.

Dei to siste renna i Guldbrandsøy Skicup går 13. mars og 27. mars . Det vert avslutning med premieutdeling 27. mars med grilling , skileik og pokal til alle som deltek i minst 3 av 4 renn.

Søndag 23. januar 2011 vart første renn i Guldbrandsøy skicup 2011 arrangert. 55 deltakarar i alle aldrar stilte opp til start på Gamlesætra. Også vêrgudane var på arrangøren si side, og dei føste regndråpane kom ikkje før siste deltakar kryssa mållina. Med nyoppkøyrde løyper for både klassisk og fristil var løypeforholda svært gode. Det er framleis ein meter snø på Gamlesætra, så alt ligg til rette for gode løyper i lang tid framomver.
Me ønskjer både nye og gamle deltakarar velkomne til neste renn, som går søndag 6. februar. Om du gjekk glipp av første renn, er det med andre ord framleis fleire moglegheiter. Hugs òg at det vert pokal til alle som deltek i minst tre av fire renn. Dei to siste renna går 13. og 27 mars. På siste renn vert det avslutning med premieutdeling, grilling og skileik.

Vigleik Stusdal
Eikanger idrettslag, skigruppa

Guldbrandsøy_Skicup_Resultatliste_renn_1