12737132_10153775192941259_574410636_oISDALFJELLET: Nordhordland Skiklubb er godt i gong med oppryddinga etter at ekstremværet «Tor» feide inn over Vestlandet i forrige måned. Det meste av ryddearbeidet går greit for dugnadsgjengen, men i skogen på Isdalfjellet ligg det ei diger rotvelte tvers over Knarvik Xtrem-traséen. Til denne operasjonen har Nordhordland Skiklubb planer om å ha med fagfolk slik at dei stormfelte trea vert fjerna på ein forsvarleg måte. Fram til skiklubben har fått rydda vekk rotvelta, er det merka ein mellombels sti inn i skogen, slik at folk kan ferdast trygt forbi «Isdaltrollet».

Det vert funksjonærløp for alle funksjonærar i Knarvik Xtrem  tirsdag 25. august kl.19.00

Møt opp ferdig oppvarma kl 18.45 på Knarvik stadion og registrer deg.

Atle Austrheim XTREM

xtremradiobilde

Høyr heile intervjuet her….

 

 

Tekst Morten Sæle, Nh

Eli Anne Dvergsdal XtremOnsdag 26. august er det igjen klart for milløpet Knarvik Xtrem, som går i terrenget mellom Knarvik og Aase. Avisa Nordhordland presenterer i tida framover nokre av profilane som kjem til løpet. Eli Anne Dvergsdal går for ny pers.

Ambisjonar for årets løp:

– Eg håpar å gjera det litt betre enn i fjor, målet mitt er å perse, seier Dvergsdal.

Tankar om løypa:

– Løypa er utruleg fin. Deltakinga i fjor var mitt første terrengløp som ikkje var i motbakke. Det er masse ulikt terreng, med både oppover, nedover og flatar, det likte eg veldig godt, seier ho.

Opplading i år:

– Det har stort sett gått i motbakkeløping, eg har mellom anna delteke i Norgescupen. Så har eg vore med i EM, og på Skyrace i Dolomittene.

Kva vekte løpeinteressa:

– Ja, sei det. Eg har alltid likt å vera i aktivitet, og har alltid gått masse på fjellet. Eg synest det er kjekt å ta nye rekordar, og heile tida prøva å gjera det betre og betre for kvar gong, seier ho.

Neste store mål:

– Hovudmålet er eigentleg NM denne helga, men eg har nettopp hatt influensa, så vi får sjå korleis det går. Elles er det Skåla opp den 15. august som eg ser fram til.

Treningstid:

– Det er sjølvsagt litt mindre no i konkurranseperioden enn elles, eg ligg på mellom 20–30 timar i veka. Eg har eit treningsopplegg, elles tar eg det litt sånn som det som passar, og etter kva eg synest er kjekt. Om det er fint ver likar eg å springa over fjellet, seier Dvergsdal.

AVISA NORDHORDLAND

Det er duka for fartsfest i terrenget når dei beste fjelløparane i landet stiller til start i Knarvik Xtrem onsdag 26. august. Norsk meister i motbakkeløp frå 2014, Stian Hovind Angermund er klar for sin debut i Knarvik Xtrem. Den meritterte terrengløparen er årets Spar Ess i xtrem-kortstokken. I Avisa Nordhordland kan du lesa intervjuet med supermannen som elskar å springa i naturen.Presentasjon_STIAN HOVIND ANGERMUND

KnarvikXtrem2015

Vinnaren av Knarvik Xtrem 2014,Thorbjørn Ludvigsen, er klar for Knarvik Xtrem 26. august. Det same er Eli Anne Dvergsdal som vann dameklassen i fjor.

26. august smell Lothepus i gong Knarvik Xtrem.

Meld deg på her: https://registrering.eqtiming.no/?EventUID=15280

Les om Xtrem-kongen Thorbjørn Ludvigsen

 

 

21
aug

mms_img-1031932579Thorbjørn Ludvigsen vann Knarvik Xtrem i suveren stil og knuste sin eigen løyperekord med over minuttet. Den nye rekorden i den 10,7 kilometer lange løypa lyder på 47,06. I dameklassen var Eli Anne Dvergsdal like utilnærmelig og sprang langløypa på sterke 55 minutt og 50 sekund. Men det var ikkje berre ute i løypa det vart sett rekordar. Årets Knarvik Xtrem samla totalt 423 deltakarar som er ny rekord og nær ei dobling frå i fjor. Nordhordland Skiklubb gler seg storleg over suksessen, og takkar alle utøvarar, sponsorar og funksjonærar for strålande innsats!

RESULTATLISTER TRYKK HER

Påmeldinga for Knarvik Xtrem er åpna. Følg linken for

PÅMELDING

xtremflyers2014_6Kort Løype

Lang Løype

 

fotballjenter i Knarvik XtremSTILLER I STAFETTEN 20 AUGUST: Dette året vert Knarvik Xtrem óg arrangert som stafett. Her ser me fire femdelar av det første damelaget som har meldt seg på. Frå venstre Sonja Isdal, Trude Morken Carlsen, Lisbeth Alvær og Sigrun Tjore.

reigstadbrør foto avisa nhReigstad-brørne i Reigstad Bygg og Eigedom AS satsar på å bli raskaste byggefirma i Xtrem-løpet. Dei fire brørne i firmaet, Kjell, Geir, Rolf og Håkon, får med seg lærlingen Glenn Nepstad og utfordrar hermed andre verksemder til å gjera det same; stilla stafettlag i Knarvik Xtrem den 20.august.

LES  STRILEN HER…

PÅMELDING

 

Lothe_og_hest_Foto_Eivind_Senneset

PANGSTART: Nordhordland Skiklubb hentar Fjorden Cowboys-stjerna, Leif Einar «Lothepus» Lothe til Knarvik Xtrem den 20.august. Les meir om «Lothepus»   

i denne artikkelen til  avisa Nordhordland.

Foto: Eivind Sennesett

 

KXTREM 2014_STAFETTXTREM-STAFETT:

Få med deg lagkamerater eller kollegaer og dann eit lag til Knarvik Xtrem Stafetten. Stafetten består av 5 etappar og distansen tilsvarar totalt 10,7 km og føl traséen i den lange xtrem-løypa.

Xtrem- Stafetten 10,7 km: Stafetten passar perfekt for bedrifter, idrettslag og organisasjonar. Ta utfordringa, start fellestreninga no og gjennomfør Knarvik Xtrem saman med vener og kollegaer.

 

 

 

Etappeinndelingane:

Stafetten fylgjer Knarvik Xtrem traséen  (10,7 km )

Etappe lengde:                 Km totalt:

1 etappe – Knarvik Stadion – BKK -toppen             2,1 km                          2,1 km

2 etappe – BKK-toppen  – Øvre Isdal                       1,6 km                          3,7 km

3 etappe – Øvre Isdal – Indregardsfjellet                2,0 km                         5,7 km

4 etappe – Indregardsfjellet  –  Isdalgardane        2,5 km                          8,2 km

5 etappe – Isdalgardane – Knarvik Stadion            2,5 km                         10,7km